Grense for fråvær i vidaregåande skolar

Frå 1. august 2016 er det ei grense for fråvær i vidaregåande skolar. Føremålet er å motivere elevane til jamn innsats, og å forhindre skulk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.04.2016

Grensa for fråvær gjeld for alle elevar i vidaregåande skole, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

Forskrift til opplæringslova

Bestemminga er tatt inn i forskrift til opplæringslova § 3-3 siste ledd og forskrift til friskolelova § 3-3 siste ledd.

Kort om grensa for fråvær

  • Om ein elev er borte i meir enn 10 prosent av timane i eit fag, skal han eller ho i utgangspunktet ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
  • Grensa for fråvær gjeld timefråvær i det einskilde faget, ikkje eleven sitt totale fråvær.
  • Sjølv om ein elev har meir enn 10 prosent fråvær i eit fag, kan han eller ho likevel få halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter om fråværet skuldast nokre særskilde grunnar som er nemnde i Rundskriv Udir- 3-2016.
  • Eleven må dokumentere fråværet for å få det unnateke.
  • Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.

Les meir om grensa for fråvær

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.