Fritak frå nasjonale prøver

Skolar kan gjere vedtak om fritak frå nasjonale prøver for elevar som får spesialundervisning eller særskilt norskopplæring. Desse elevane skal ikkje automatisk få fritak. Det må i tillegg vere klårt at prøveresultata ikkje vil ha mykje å seie for elevane si vidare opplæring.

Publisert 13.10.2014

Vedtak om fritak

Deltaking i dei nasjonale prøvene er obligatoriske og det er avgrensa høve til å frita elevar frå prøvene. Avgjerda om fritak frå nasjonale prøver er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber mellom anna at vedtaket skal

  • kome i god tid før prøva
  • vere skriftleg og grunngitt
  • gi informasjon om klagemoglegheiter
  • seie kva for prøve det er gitt fritak frå
  • vise til heimel i lovverket

PAS

Skolen skal melde alle elevane opp til prøvene i det prøveadministrative systemet (PAS). Skolen må vidare registrere at eleven er friteken. Skoleeigaren skal sjå til at alle elevane er påmelde.

Formelle krav

  1. Skolen melder opp alle elevane på det aktuelle trinn i PAS, jf. forskr § 2-4, 1.ledd
  2. Skolen registrerer rett tal fritekne i PAS, jf. forskr til oppll § 2-4, 1.ledd
  3. Før fritaksvedtak blir gjort, informerer skolen føresette til elevar som blir fritekne, om retten til å krevje deltaking, jf. fvl § 11
  4. Skolen gir føresette høve til å uttale seg om saka før fritaksvedtak blir gjort, jf. fvl §§ 16 og 17
  5. Skolen gjer skriftege enkeltvedtak om fritak, jf. fvl § 23
  6. Vedtaka viser til rett heimel, jf. forskr til oppll § 2-4 og fvl § 25
  7. Skolen fritek berre elevar som har eit gjeldande vedtak om spesialundervisning etter oppll kap 5 eller særskild språkopplæring etter § 2-8, jf. forskrift § 2-4, 2.ledd
  8. Vedtaket viser til at eleven får spesialundervisning etter oppll kap 5 eller særskild språkopplæring etter § 2-8, jf. fvl § 25
  9. Vedtaket viser ei individuell vurdering av at det er klart at prøva/prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven. Det skal gjerast ei konkret vurdering for kvar enkelt prøve, jf. fvl § 25, god forvaltningsskikk og forskrift til oppll § 2-4, 2.ledd
  10. Vedtaket er klårt nok med omsyn til kva prøver det er gjort fritak frå, jf. god forvaltningsskikk
  11. Vedtaket inneheld informasjon om retten til å krevje deltaking, jf. fvl §§ 11 og 25

 

Fylkesmannen si rolle

Fylkesmannen skal sjå til at fritak av elevar er etter gjeldande regelverk. Mishøve mellom rapporterte fritak ( PAS) og tal på elevar med spesialundervisning og særskilt norskopplæring ( GSI ), kan gi Fylkesmannen grunnlag for tilsyn på området. 

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn i tre kommunar i 2010. Det viste at skolane ikkje fritek fleire elevar enn det som er vilkåra i regelverket. Men tilsynet avdekka at fleire skolar ikkje følgde dei formelle krava til saksbehandling som er knytt til fritaket.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.