Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Statsforvaltaren skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltarens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Statsforvaltaren gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Statsforvaltaren skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren. 

Vis meir

Litt under 4 prosent av landarealet i Møre og Romsdal er jordbruksareal.  Bøndene i Møre og Romsdal disponerer eit jordbruksareal areal på knappe 560 000 dekar fordelt på 2 920 driftseiningar. Dette utgjer 191 dekar jordbruksareal pr. bruk, av dette 156 dekar fulldyrka areal. Nesten halvparten av jordbruksarealet bøndene disponerer, er areal som er leigd frå bruk som ikkje er i drift.

Møre og Romsdal er eit grasfylke. Grovfôrbaserte husdyrproduksjonar (mjølk, storfekjøt, sau og geit) står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Resten er fordelt på bær/frukt/grønsaker, korn, egg og gris.

Møre og Romsdal har store beiteressursar i utmarka. Det blir nytta ulike verkemiddel for å stimulere til meir bruk av utmarksbeite.


Publisert 30.11.2012

Miljøplan

.


Publisert 30.11.2012

Erstatning etter offentlege pålegg, planteproduksjonen

.


Publisert 30.11.2012

Autorisasjon for bruk av plantevermiddel

.