Stort engasjement på samling for kommunal jordbruksforvaltning

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Den 21.-22.september arrangerte Statsforvaltaren forvaltningssamling for dei kommunale landbrukskontora i Møre og Romsdal. Samlinga hadde eit variert program og god deltaking frå alle kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2022

Målet med forvaltningssamlinga

Den årlege forvaltningssamlinga skal gi fagleg oppdatering, bidra til kompetanseheving og vere en nettverksarena for kommunal og regional jordbruksforvaltning. Målet med samlinga er å gjere oss enda betre i jobben vår for jordbruket i Møre og Romsdal. Årets samling blei halde på Hotel Alexandra i Molde.

Eit variert program på årets samling

Dag ein starta med fagforedrag innanfor tema jordbruksavtalen, nytt regionalt miljøprogram 2023 – 2026 og regelverk for forureining frå landbruket. Deltakarene fekk også ei innføring i biorest; kva det er, korleis det nyttast og status for bruk av biorest i fylket.

Etter lunsj var det besøk av faglaga ved Konrad Kongshaug (leiar i Møre og Romsdal Bondelag) og Eli Kristin Aalbu (fylkessekretær i Bonde- og småbrukarlaget i Møre og Romsdal). Dei informerte om statusen i landbruket sett frå deira ståstad og om aktuelle saker som faglaga jobbar med. Dei kom og med ei oppmoding om kva område dei ynskjer at den kommunale landbruksforvaltninga skal fokusere på, mellom anna driveplikt.

Dagen fortsette med foredrag om utvalde tilskotsordningar og regelverk knytt til desse. Deltakarene fekk stilt spørsmål, ha faglege diskusjonar og oppgåveløysing. Dag ein vart avslutta med informasjon og bilete av utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarv og kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal.

Om kvelden var det felles middag i godt lag.

Dag to starta med eit innlegg frå Mattilsynet ved Beate Lillebostad. Ho snakka om tiltak i matvarekjeda med omsyn til atomberedskap og radioaktivt nedfall. Vidare var det fagforedrag om status for veterinærvakt, kantsone mot vassdrag, juridiske verkemiddel, forvaltningskontroll og internkontroll.

Etter lunsj var det besøk av Eivind Vartdal Ryste frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Han informerte om ny landbruksstrategi for fylket og presenterte utdrag frå to nye rapportar: Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal og Trender i norsk landbruk 2022. Regional rapport for Møre og Romsdal. Frist for å gje innespel til  Fylkesstrategien for landbruk  er 1.oktober.  

Dagen vart avslutta med spørsmålet «Avkortar vi?» der det blei diskutert ulike problemstillingar knytt til avkorting i produksjonstilskot og vist statistikk for avkortingssakar i fylket.

Samlinga hadde godt oppmøte og godt engasjement blant deltakarane. Vi takkar alle som har deltatt for ei triveleg og lærerik samling.