Kommunale rammer til SMIL, drenering og tiltak i beiteområde 2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt kommunale rammer til tilskotsordningane: Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), drenering av jordbruksjord og tiltak i beiteområde for 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2022

For SMIL-ordninga er til saman 7 690 000 kroner fordelt og om lag 115 000 kroner er halde att til seinare fordeling. Av dreneringsmidlane er 6 510 000 kroner fordelt. For denne ordninga er det att 2 870 000 kroner som ikkje er fordelt.  Sidan det er mykje disponible midlar på dreneringsordninga, kan kommunane be om tilleggsløyving gjennom heile året.  For ordninga tilskot til tiltak i beiteområde er det fordelt 1 355 000 kroner, som utgjer heile ramma til fylket.

Rammene til kvar einskilt kommune går fram av dokumentet Kommunale rammer for SMIL, drenering og tiltak i beiteområde 2022. Kommunane har ansvaret for å forvalte tilskotsordningane etter gjeldande forskrifter og rundskriv. Dette inkluderer kunngjering av midlane og fastsetting av søknadsfristar.