Husdyr

Oppdatert 13.05.2024

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det i underkant av 900 000 storfe (mjølkekyr, ammekyr, ungkyr og kalvar), over 800 000 vinterfora sauer, over 1,4 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 73 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar – som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit) – utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar svine- og fjørfeproduksjon. Regelverket skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Du finn meir informasjon om husdyrkonsesjon på nettstaden til Landbruksdirektoratet.

Erstatningsordningar og tilskot

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Statsforvaltaren er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Statsforvaltaren om kompensasjon dersom du avviklar før denne fristen. Søknadskjemaet ligg på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vis meir


Publisert 11.06.2024

Hugs å sjekke reglane for bandtvang i din kommune

Dei fleste hundeeigarar er kjend med at det er nasjonal bandtvang frå 1. april til og med 20. august. Det mange ikkje er klar over, er at kommunen kan gi eigne føresegner om bandtvang. Hugs å sjekke kva som gjeld der du ferdast.


Publisert 06.10.2023

Kartlegg beiteressursar i verdsarvområdet Geiranger

Stranda kommune har sett i gang ei kartlegging av beiteressursane som dekkjer verdsarv- og landskapsvernområda i både Fjord og Stranda. Kartlegginga vil gje ei fagleg vurdering av beiteressursane i dei viktigaste beiteområda i kommunane.


Publisert 14.07.2023

Hugs bandtvangen i sommar

Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.


Publisert 05.07.2023

Kva gjer eg om eg finn eit skadd eller daudt dyr…?

Når ein er på tur i skog og fjell kan ein komme over husdyr som er skadde eller daude. Kva gjer ein då?


Publisert 07.01.2022

Frå båsfjøs til lausdriftsfjøs? No kan du få hjelp til å finne gunstige fjøsløysingar!

Landbruk Nordvest og TINE tilbyr i eit nytt prosjekt rådgjeving til mjølkeprodusentar som ynskjer omstilling grunna nye krav til driftsbygningar.


Publisert 22.11.2020

Dømt for bedrageri

To personar er dømt for bedrageri etter at Fylkesmannen avdekka juks i samband med tilskot til husdyrhald.


Publisert 10.07.2020

Møte om veterinær vaktstruktur i Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde

Landbruksdirektoratet har invitert kommunar saman med lokallag frå faglaga i landbruket og veterinærforeininga til møte den tysdag 25.august om veterinær vaktstruktur i Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde. Målet med møtet er at dei ulike partane skal få fortelje Landbruksdirektoratet kva for utfordringar som er i dei aktuelle områda og komme med forslag til løysingar. Landbruksdirektoratet vil handtere oppfølginga av desse innspela.


Publisert 18.12.2019

Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald

Pelsdyrbønder som har bestemt seg for å avvikle no, kan søke om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg.


Publisert 06.05.2019

Strategisk rådgjeving for mjølkeprodusentar

Tine tilbyr strategisk rådgjeving for alle mjølkeprodusentane i fylket. Arbeidet er støtta økonomisk av Fylkesmannen gjennom Utviklings- og tilretteleggingsmidlane. 


Publisert 20.06.2018

Husk bandtvang

Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.