Opent fagmøte om rovvilt og beitedyr

Statsforvalteren i Møre og Romsdal inviterer til fagmøte om rovvilt og beitedyr i Åndalsnes tysdag 31.januar. Møtet er opent for alle interesserte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2023

Statsforvalteren i Møre og Romsdal, saman med kommunane i rovviltområda, inviterer til ein dag med nytt om rovvilt og beitedyr. Vi skal ha levedyktige bestandar av både gaupe og jerv i Møre og Romsdal, og vi har samtidig store utfordringar med tap av beitedyr. Det er vanskeleg å nå denne todelte målsettinga om både levedyktige rovviltbestandar og matproduksjon i same utmarksområda. Derfor må beitebrukarar, organisasjonar, forvaltning og politikarar stadig finne meir kunnskap, og prøve ut nye løysingar.

På fagdagen skal vi få presentert erfaringar frå prosjekt som har vore prøvd ut dei siste åra, samt status i rovviltforvaltninga. Vi håper å kunne få til gode diskusjonar basert på erfaringar frå dei siste beitesesongane, og inspirere til nye idear.

Tid og stad: Tysdag 31.januar 2023, Grand hotel i Åndalsnes

Program for dagen (kan komme små endringar):

11:00-11:30      

Registrering og rundstykke

11:30-11:35       

Velkommen til fagsamling om rovvilt, ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

11:35-11:45       

Velkommen til Rauma kommune v/Rauma kommune

11:45-12:30       

Nytt frå Rovdata, ved Jonas Kindberg (digitalt)

12:30-13:00       

Nytt frå Statens naturoppsyn, ved Lars Olav Lund SNO

13:00-14:00       

Lunsj

14:00-15:00       

GPS-sporing – moglegheiter, med eksempel frå Meråker v/Unni Støbet Lande, NIBIO

15:00-15:20       

Nytt frå Landbruksdirektoratet, v/Julie Vesterhus, Landbruksdirektoratet (digitalt)

15:20-15:30       

Pause

15:30-16:00       

Nytt frå Miljødirektoratet, v/Anders Braa, Miljødirektoratet

16:00-16:45        

Flekkgjenkjenningsprosjekt på gaupe på Nordmøre og viltkameraprosjekt, v/John Linnell, NINA

16:45-17:00       

Pause

17:00-18:00       

Resultat frå prosjekt av Norges jeger- og fiskerforbund Møre og Romsdal 2022, v/Kristian Kallmyr Lerheim NJFF

19:00   

Middag

 

Påmelding innan 16.januar til Marianne Aas Halse, Statsforvalteren i Møre og Romsdal, fmmrmaha@statsforvaltaren.no

 

 

Kontaktpersonar