Straumstøtte for landbruket

Bilde av kyr i fjos.
Regjeringa har innført straumstøtteordningar for å kompensere for auka straumutgifter i landbruket. Foto: Scanstockphoto.

Det er for tida ekstraordinært høge straumprisar, også i vårt fylke. Regjeringa har innført straumstøtteordningar for å kompensere for desse utgiftene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2023

Om ordninga

Det er litt ulike straumstøtteordningar for hushaldningar, jordbruket og øvrig næringsliv. Ordninga for jordbruket (jordbruksføretak, veksthus og vatningslag) har vore gjeldande frå april 2022, men det er først no frå desember vi har slike straumprisar i vårt fylke at ordninga slår inn. Ordninga dekker 80 % av straumkostnader over 70 øre/kWt ekskl. mva. på månadsbasis for eit forbruk inntil 20 000 kWt/mnd (inntil 60 000 kWt/mnd i okt-des 22). Ordninga er heilt nyleg blitt forlenga til å gjelde ut juni 2023.

Søknad og søknadsfrister

For jordbruksføretak er dette ei søknadsbasert ordning. Det er Landbruksdirektoratet som administrerer straumstøtteordninga for jordbruk. Ein søker på same måte som for dei fleste andre tilskot, med lenke til søknadsskjema her; Strømstøtte for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag - Landbruksdirektoratet og med pålogging via Altinn. Vilkåret for å kunne søke er i grove trekk dei same som for å kunne søke produksjonstilskot; føretak registrert i Enhetsregisteret og føretaket må vere tilknytta ein landbrukseigedom i Landbruksregisteret.

Fristen for å søke er 28. februar dersom ein vil ha med seg straumstøtte for desember 2022. Ein kan også søke seinare (heilt til 31. mai), men då vil ein ikkje få straumstøtte for lenger tilbake enn januar 2023. Det er tilstrekkeleg å sende éin søknad. Då er føretaket registrert som straumstøttemottakar og straumstøtte vil bli utbetalt månadleg basert på opplysningane i Elhub for det/dei registrerte målepunkt-ID.

Meir informasjon

Strømstøtte for jordbruksforetak og veksthus, informasjonsside - Landbruksdirektoratet ligg meir informasjon om ordninga.