Hustadvika får jordeigenskapane sine kartlagt

Kartleggarar frå NIBIO undersøker no dyrkajorda i Hustadvika. I starten av mai fekk landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren vere med ut for å sjå på og lære meir om jordsmonnkartlegging.

Publisert 02.06.2022

Sidan 2006 har NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) jobba med å kartlegge den norske dyrkajorda – frå sør til nord. Hensikta med kartlegginga er å dokumentere og stadfeste jordsmonnet sine eigenskapar. Kartlegginga legg grunnlaget for kunnskapsbaserte avgjerder innan arealplanlegging og vurderingar knytt til matproduksjon og miljø.

Om jordsmonnkartlegging

I starten på mai fekk representantar frå landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren vere med på jordsmonnskartlegging i Hustadvika kommune. Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar for avdeling jordkartlegging ved Divisjon for kart og statistikk i NIBIO, gav ei god innføring i det teoretiske og praktiske knytt til kartlegginga.

Arbeidet med jordsmonnkartlegging føregår i felt der ein kombinerer analyse av jordprøver, tolking av flybilete samt lesing av landformer, vegetasjon og terreng. Med seg har kartleggaren eit jordbor for å ta ut jordprøver og ein felt-pc for registrering. 

Felt-pc for kart og registrering av jordprøver
Felt-pc for kart og registrering av jordprøver Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kvart kartleggingsområde er på 0.9 km². I kvart område vurderer kartleggaren kvar og kor mange jordprøver ein skal ta, ut frå variasjonar i landformer, vegetasjon og terreng. Prøvene blir tatt med jordbor frå overflata og ned til ein meters djupne. I dei ulike sjikta ser ein på ulike eigenskapar ved jordsmonnet i høve til ein standardisert kartleggingsinstruks. Kartleggaren skal mellom anna vurdere jordsmonnet sitt innhald av sand, silt og leire, innhald av organisk materiale, dreneringsgrad, djupne ned til fast fjell, jordsmonnutvikling og menneskelege forstyrringar (planering, profilering, påfylling osv.). Ut frå desse vurderingane kan ein dele jorda inn i ulike jordtypar.

På utvalde stader blir det også grave ut jordprofilar, og tatt ut jordprøver som blir analysert i laboratorium for å dokumentere jordtypen sine kjemiske og fysiske eigenskapar.

Tre jordprøver tatt på same areal viser at jorda har ulik samansetning og eigenskapar.
Tre jordprøver tatt på same areal viser at jorda har ulik samansetning og eigenskapar. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Praktisk arbeid i all slags vêr

Jordsmonnkartlegging krev god kunnskap om geologi, landformer, jordbotn, jordarter og danninga av dei, samt agronomi. Jordkartlegginga blir gjennomført i perioden mars til oktober, med pause på sommaren -  når det er vekstsesong.

Som jordsmonnkartleggar er ein ute i all slags vêr. Det fekk landbruksavdelinga oppleve i Hustadvika, der det skifta mellom opphaldsvêr med varmande sol og regn i lag med kald vind. Jordkartlegging er også fysisk hardt arbeid. Å skru ned jordboret og dra det opp igjen kan vere tungt, spesielt der jorda er tung og samanpakka. 

Prøvetaking med jordbor kan vere tungt, så det er viktig med rett teknikk.
Prøvetaking med jordbor kan vere tungt, så det er viktig med rett teknikk. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Eit svært godt verktøy for jordbruksnæringa

Jordsmonnkartlegging er viktig for å dokumentere matjorda sine eigenskapar, og dermed kunne sikre areal for matproduksjon. I tillegg er dataene eit viktig grunnlag for klimaplanlegging og risikovurdering knytt til avrenning frå landbruksareal.

I klimakalkulatoren, som er utvikla for å dokumentere klimautslepp på gardsnivå, nyttast opplysningar frå jordsmonnkartlegginga for å dokumentere karbonbalansen i jorda. Karbonbalansen er ein viktig del av klimakalkulatoren. Når jordsmonnkart manglar for arealet på ein gard, blir dette tatt ut av likninga. Ein får dermed ikkje gevinst for positiv karbonbalanse på det aktuelle arealet og for den aktuelle gardsanalysen i klimakalkulatoren.

Status på kartlegging i Møre og Romsdal

Kvart år blir det utført heildekkande jordsmonnkartlegging i utvalde kommunar. Etter ei avslutta kartlegging vil dei fleste kommunar ha fått frå 80 til nær 100 % av jordbruksarealet sitt kartlagt. Årleg blir det kartlagt rundt 100 km² nasjonalt. 

I Møre og Romsdal har ein foreløpig kartlagt 12,7 % av den fulldyrka- og overflatedyrka jorda. Det er berre to kommunar som har over 80 prosent av arealet sitt kartlagt: Sunndal med 95.8 % (19 238 dekar) og Surnadal med 97.9 % (33 251 dekar).

I perioden 2022-2028 har NIBIO planlagt kartlegging av sju kommunar her i fylket, inkludert Hustadvika.  Etter denne perioden vil det framleis vere berre 1/3 av kommunane i Møre og Romsdal som er kartlagt. Dette syner at det er eit stort behov for at det blir avsett meir ressursar til jordsmonnkartlegging her i fylket.

Drivaren kom og helste på kartleggingsgjengen. Jordsmonnkartlegginga blir varsla via kommunens nettsider. Kartleggarane har på seg gule refleksvestar for å være godt synlege i jordbrukslandskapet. I tillegg har dei ein lapp i frontruta på bilen sin som viser at dei driv med kartlegging.
Drivaren kom og helste på kartleggingsgjengen. Jordsmonnkartlegginga blir varsla via kommunens nettsider. Kartleggarane har på seg gule refleksvestar for å være godt synlege i jordbrukslandskapet. I tillegg har dei ein lapp i frontruta på bilen sin som viser at dei driv med kartlegging. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.