Kommunal beredskap

CIM

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnstryggleik. Dei har ansvar for å identifisere farer som kan råke kommunen, og planlegge utifra dette. Kommunen skal drive krisehandtering, arealplanlegging, helseberedskap og drive brann- og redningsvesenet. Her finn du meir informasjon om kommunens plikter og ansvar, og Statsforvaltaren sine tilsyn med kommunal beredskapsplikt

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.06.2022

Ukrainske flyktningar kan registrere opplysningar om moglege krigsbrotsverk hjå politiet

Kripos ber kommunar og andre som er i direkte kontakt med ukrainske flyktningar om hjelp til å nå ut med informasjon om korleis dei kan melde inn opplysningar om krigsbrotsverk i Ukraina.


Publisert 03.03.2022, Sist endra 11.03.2022

Krisa i Ukraina: Her finn du nyttig informasjon

Urolege tider fører til mange spørsmål. Her har me samla nokre av dei mest sentrale kjeldene til oppdatert informasjon om den spente situasjonen i Europa – og korleis dette kan påverka oss. 


Publisert 01.03.2022

Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Generelt har dei lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.


Publisert 17.02.2022

Kommunetrappa for samfunnstryggleik og beredskap 2021

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».


Publisert 13.11.2020

Endring i farevarsel om høg vasstand ifrå MET

Meteorologisk institutt endrer på farevarslinga for høg vasstand, for at vi skal få betre og enklare oversikt over gyldige farevarsel.


Publisert 12.11.2020

Kommuneundersøkinga 2020: Kommunane tar beredskap på alvor

DSB si årlege kommuneundersøking viser at heile 88 prosent av kommunane i landet har øvd overordna beredskapsplan dei siste to åra. Rogaland og Oslo og Viken har den største delen av kommunar som oppfyller flest minimumskrav til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). 


Publisert 28.07.2020

Kommunetrappa for samfunnstryggleik og beredskap 2020

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».


Publisert 09.06.2020

Skjonnstilskot til flaumforebyggjande tiltak mot vårflaumeni Rogaland

Regjeringa har sett av inntil 100 millionar kroner i ekstra skjønstilskot til tiltak for å førebyggje alvorleg skade på kritisk infrastruktur i samband med vårflaumen. Midlane går til tiltak som kan gjennomførast raskt, og ha effekt i forhold til varsla flaum. Til kommunane i Rogaland kjem 10 millionar kroner.


Publisert 19.12.2019

Ny teneste gir deg oversikt over alle utrykningene til brann- og redningstenesta

Brannstatistikk.no er ei ny teneste frå DSB som mellom anna gir deg oversikt over alle utrykkingane til brann- og redningstenesta i Noreg. Av dei ti største kommunane i Noreg, er det Stavanger og Sandnes som kjem best ut på tal brannar per innbyggar. 


Publisert 23.09.2019

Ny abonnementsløysing for naturfarevarsel

No inneheld abonnementsløysinga på varsom.no både varsel om flaum og skred frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og landbaserte varsel frå Meteorologisk institutt (MET). 


Oversikt over nettverksamlingar i samfunnstryggleik og beredskap

2019 Sauda
2018 Eigersund
2017 Suldal
2016 Karmøy
2015 Sandnes
2014 Haugesund
2013 Bryne
2012 Hjelmeland
2011 Rennesøy
2010 Eigersund
2009 Suldal
2008 Utsira