Ukrainske flyktningar kan registrere opplysningar om moglege krigsbrotsverk hjå politiet

Bilete av tekst frå informasjonsskriv retta mot ukrainske flyktningar, om korleis melde opplysningar om krigslovbrot til norsk politi.
Illustrasjonsfoto frå Kripos' informasjonsskriv til ukrainske flyktningar Foto: Politiet.

Kripos ber kommunar og andre som er i direkte kontakt med ukrainske flyktningar om hjelp til å nå ut med informasjon om korleis dei kan melde inn opplysningar om krigsbrotsverk i Ukraina.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2022

(Artikkelen er delt ifrå Statsforvaltaren i Vestland).

Norsk politi er del av ei internasjonal etterforsking av brotsverk under krigen i Ukraina. Ein vesentleg del av arbeidet til Kripos er å hente inn forklaringar om moglege brotsverk frå flyktningar som er komne frå Ukraina til Noreg.

Kripos ønskjer å nå ut med informasjon til ukrainske flyktningar i Noreg som sjølv kan ha opplevd eller som har vore vitne til brotsverk i Ukraina. Statsforvaltarane har vidareformidla oppmodinga til kommunane, og har sendt ut informasjonsmateriell som førstelinetenestene kan nytte i sitt arbeid med ukrainske flyktningar.

Ukrainske flyktningar kan sjølv registrere opplysningar om brotsverk

Kripos har etablert ei løysing på nett der ukrainske flyktningar kan registrere opplysningar om moglege brotsverk dei sjølve har vore utsett for eller vore vitne til.

Registreringsløysinga er tilgjengeleg på norsk, engelsk, ukrainsk og russisk på denne nettsida: https://tips.politiet.no/ukraina. For å registrere opplysningar om ev. brotsverk må du/dei logge inn med DUF-nummer.

Kripos vil seinare kontakte aktuelle vitne for avhøyr. Dei legg vekt på at ingen har plikt til å forklare seg for politiet, og at det heller ikkje vil ha påverknad for opphaldet til den enkelte i Noreg.

Kripos oppmodar kommunane om å bidra til å informere ukrainske flyktningar om registreringsløysinga

Kripos ønskjer å nå ut til alle ukrainske flyktningar over 18 år med informasjon om dette arbeidet og at dei ønskjer å kome i kontakt med flyktningar som sjølv har opplevd eller som har vore vitne til moglege krigsbrotsverk.

Her finn du eit informasjonsskriv retta mot ukrainske flyktningar, som Kripos ønskjer hjelp til å distribuere til alle ukrainske flyktningar over 18 år. Informasjonsskrivet er laga for dobbeltsidig utskrift. Det har informasjon på ukrainsk, russisk og engelsk, og QR-kode som peikar direkte til registreringsløysinga.

Det er særleg førstelinetenestene i kommunane Kripos vender seg til, altså dei som arbeider direkte med ukrainske flyktningar. Oppmodinga og informasjon som er vist til i denne artikkelen er omtalt i eit brev frå Kripos som ligg ved artikkelen. Brevet fortel korleis informasjon kan sendast Kripos dersom t.d. meldar ikkje er asylregistrert i Noreg og såleis ikkje har DUF-nummer.

Du finn meir informasjon om Kripos’ arbeid med etterforsking av internasjonale brotsverk på denne sida.

Nyhendeartikkel om etterforsking av krigsforbrytingar i Ukraina frå 17.03.22 finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.