Kommunetrappa 2022

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2022

Kommunetrappa i Rogaland blei første gong publisert i 2019 og er ei oppsummering av det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

Statsforvaltaren har fått positive tilbakemeldingar på kommunetrappa, og me ser at den aukar motivasjonen for å gjera det betre, og komma høgare opp på trappa. Resultata er relativt stabile for kommunane i Rogaland frå 2021 til 2022, med ein oppgang på 0,82 poeng. Berre ein kommune hamnar i raud sone i 2022, men det er framleis rom for betring.

Status for Rogaland

Alle kommunane i Rogaland har svart på årets kommuneundersøking. Kommuneundersøkinga har i fleire år vist ei positiv utvikling i talet på kommunar som oppfyller krava i kommunal beredskapsplikt. Denne trenden samsvarer med funn frå tilsyna våre med kommunane, sjølv om dei fleste tilsyna framleis ender opp i avvik.

Resultatet frå Kommuneundersøkinga 2022 til DSB, viser at 32 prosent av kommunane i Norge har ein heilskapleg ROS som er meir enn 4 år gammal. Av kommunane i Rogaland er det berre 17 prosent som har ein ROS-analyse som er frå 2017 eller tidlegare. 73 prosent av kommunane i landet  har utarbeida beredskapsplanen med utgangspunkt i heilskapleg ROS. Av kommunane i Rogaland er det 91 prosent som svarar «ja» på det spørsmålet. Det visar at kommunane i Rogaland ligg over gjennomsnittet.

19 av 23 kommunar har oppdatert beredskapsplan

Utbrotet av covid-19 i 2020 og flyktningsituasjonen som følgje av krigen i Ukraina har vist at kommunane må vera budde på å handtera uønskte hendingar. Med utgangspunkt i den heilskaplege ROS-analysen, skal kommunen laga ein overordna beredskapsplan. Denne skal mellom anna samordna og integrera andre beredskapsplanar i kommunen, som til dømes helseberedskapsplan og smittevernplan.

Kommunane i Rogaland har blitt betre på å oppfylla krava til overordna beredskapsplan sidan i fjor. 19 av 23 (ca. 83 prosent) kommunar svarar i år at beredskapsplanen har blitt oppdatert eller revidert siste året. Samanlikna med i fjor var det berre 12 (52 prosent) kommunar som hadde oppdatert eller revidert beredskapsplanen siste året. I forskrift om kommunal beredskapsplikt står det at beredskapsplanen til kommunen til ein kvar tid skal vera oppdatert, og skal reviderast årleg.

Utvikling frå 2021 til 2022

Kommunane har hatt stor framgang dei siste åra samanlikna med gjennomsnittsresultata dei siste seks åra.

Utviklinga frå 2021 til 2022 er stabil på eit høgt nivå, men det er framleis rom for å gjere det betre.

Resultata frå 2022 er i gjennomsnitt 35,27 poeng, medan det var 34,45 poeng i 2021. Det er ingen kommunar som ligg i mørkeraud sone. Berre ein kommune ligg i raud sone. Det er 8 kommunar i oransje eller gul sone, og 14 i grøn sone.

Kommentar frå fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen:

Eg er godt nøgd med resultata for kommunane i Rogaland i kommuneundersøkinga. Det har vore ei positiv utvikling sidan i fjor, spesielt har kommunane blitt flinkare til å oppdatere overordna beredskapsplan. Jamt over ligg me i Rogaland godt an samanlikna med andre fylke. At kommunar ligg lågt i kommunetrappa har ofte samanheng med at det er avvik frå tilsyn som ikkje er lukka.

Det er veldig bra at alle kommunane tok seg tid til å svare på kommuneundersøkinga til DSB i ei travel pandemitid.

I hovudsak er grunnlaget for  poengsummen til kommunane deira eigenmelding. Korleis dei sjølv vurderer eigen status. Det einaste som Statsforvaltaren vurderer er i kva grad kommunen bruker CIM. Der det er avvik mellom kommunane sin eigenvurdering og avvik frå tilsyn som ikkje er lukka får kommunen etter skjønn minuspoeng.

Me håper at kommunetrappa framleis vil vere til inspirasjon til å utvikle det kommunale beredskapsarbeidet.

Kommuneundersøkinga 2022 – nykeltal for Rogaland

  • Alle kommunane i Rogaland (23 av 23) har svart på kommuneundersøkinga i 2022. Dette er ein særs høg svarprosent og gir eit godt grunnlag for å kunne samanlikne resultata.
  • Totalt er det mogeleg for ein kommune å oppnå 40 poeng på kommunetrappa. For å hamne i mørkegrøn sone (svært høgt nivå) må ein ha mellom 39 og 40 poeng. Fire kommunar hamnar i mørkegrøn sone i 2022. Det er ein meir samanlikna med fjoråret.
  • Ti kommunar hamnar i lysegrøn sone (høgt nivå). Sju kommunar hamnar i gul sone (middels høgt nivå), ein kommune hamnar i oransje sone (middels lågt nivå) og ein kommune hamnar i raud sone (lågt nivå). Ingen kommunar hamnar i mørkeraud sone (svært lågt nivå).
  • Resultata frå 2022 viser at elleve kommunar får betre resultat, mens åtte får dårlegare resultat enn i 2021. Fire kommunar ligg på same nivå som sist.
  • Gjennomsnittleg poengsum har steget frå 34,45 poeng i 2021 til 35,27 poeng i 2022.
  • I fjor var den største utfordringa å halde planane oppdaterte, kor 48 prosent av kommunane svarte at beredskapsplanen ikkje har blitt oppdatert og revidert det siste året. I år er det berre 17,39 prosent av kommunane som ikkje har oppdatert og revidert beredskapsplanen det siste året. Det er ei utvikling i riktig retning. Kommunane har tross alt stått i ein pandemihandtering i over to år, i tillegg til flyktningsituasjonen som følgje av krigen i Ukraina det siste året. Statsforvaltaren minner om at kommunane har plikt til å oppdatera og revidere overordna beredskapsplan årleg jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 6.
  • I 2021 blei det på grunn av utbrotet av covid-19 gjennomførde færre beredskapstilsyn enn ønska. Det blei gjennomført 3 tilsyn og då berre dokumenttilsyn. Det er like mange tilsyn som 2020. Det gjer at tilsyn hadde mindre innverknad på poengsummen for dei kommunane som skulle hatt tilsyn i 2021 enn vanleg.
  • Me er likevel godt nøgde med årets resultat som er det beste resultatet hittil. Resultatet har auka frå 31,15 poeng i 2015 til 35,27 i 2022.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.