Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.04.2023

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø for Simonsviken Næringspark AS

Simonsviken Næringspark AS fekk 13. april 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for  å utvide areala ved industriområdet på Laksevåg. Arbeida består av ein fylling i sjø av ca. 15 000 m3 utenfor gnr/bnr. 149/4 i Bergen kommune. Dette vil gje ca. 2 200 m2 med nytt landareal.


Publisert 13.04.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv 555 Statens vegvesen

Statens vegvesen fekk 12. april 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider knytt til Rv 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storatatnet og Stiavatnet i Bergen kommune.


Publisert 21.03.2023

Kunngjering av løyve til Feios Kraftverk AS

Feios Kraftverk AS i Vik kommune fekk 20. mars 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn til Åfetelvi og Sognefjorden. 


Publisert 17.03.2023

Kunngjering av løyve til asfaltverk i Knarrevik

Peab Asfalt Norge AS avd. Bergen har fått løyve til drift av asfaltverk på Sotra/Knarrevik etter forureiningslova.


Publisert 16.03.2023

Kunngjering om endra løyve til oppryddingstiltak Store Lungegårdsvann Bergen kommune

Bergen kommune fekk 16. mars 2023 endra løyve etter forureiningslova til oppryddingstiltak i Store Lungegårdsvann. 


Publisert 30.01.2023

Kunngjering av løyve til varmebehandling av jord i Simonsviken

Envir AS i Simonsviken i Bergen kommune har fått løyve etter forureiningslova til varmebehandling av jord med framande artar 26. januar 2023.


Publisert 20.01.2023

Kunngjering av løyve for vaskeanlegg for tankbilar

Kjellmi AS fekk 9. desember 2022 løyve etter forureiningslova til utslepp frå vaskehall for tankbilar i Strandebarm i Kvam herad.


Publisert 20.01.2023

Kunngjering av løyve for tørking av avløpsslam til Hellenes AS

Hellenes AS fekk 28. november 2022 mellombels løyve etter forureiningslova for tørking av avløpsslam ved Øyrane i Førde i Sunnfjord kommune.


Publisert 19.01.2023

Kunngjering av endra løyve anleggsarbeider i sjø - Sandviksbodene Bergen kommune

Bergen kommune fekk 19. januar 2023 endra sitt løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til etablering av nye kaiar ved Kystkultursenteret i Sandviken. 


Publisert 16.01.2023

Kunngjering av løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Kinn kommune

Kinn kommune fekk 20. desember 2022 utsleppsløyve for utslepp frå Eikefjord vassbehandlingsanlegg.