Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 24.05.2023

Kunngjering av nytt løyve til akvakulturanlegg i Bremanger kommune

NorForsk AS og Fjord Miljø AS har 16. mai 2023 fått løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laksefisk på lokaliteten Isane.


Publisert 15.05.2023

Kunngjering av løyve til asfaltverk på Eide i Øygarden

Velde produksjon AS, avdeling Bergen har fått løyve etter forureiningslova til etablering og drift av asfaltfabrikk på Eide i Øygarden kommune.


Publisert 03.05.2023

Kunngjering om endra løyve til akvakulturanlegg i Stad kommune

Statt Torsk AS fekk 2. mai 2023 endra løyve til utslepp frå produksjon av matfisk av torsk på lokaliteten Rekvika.


Publisert 03.05.2023

Kunngjering av løyve til akvakulturanlegg i Askvoll kommune

Landøy Fiskeoppdrett AS fekk den  24. april 2023 nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laks på lokaliteten Guriøyna.


Publisert 03.05.2023

Kunngjering av endra løyve til utfylling i sjø Larsvågen i Bømlo kommune

Wärtsilä Norway AS fekk den 3. mai 2023 endra løyve etter forureiningslova til utfylling av inntil 77 000 m3 steinmassar over forureina sjøbotn i Larsvågen. Formålet er å etablera nytt land i samsvar med gjeldande reguleringsplan.


Publisert 26.04.2023

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved Indre Hornnesvika i Sunnfjord kommune

AKAF AS fekk 26. april 2023 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Indre Hornnesvika i Sunnfjord kommune.

Føremålet med utfyllinga er å legge til rette for etablering av meir næringsaktivitet, tilrettelegging for båtslepp, forbetre strandmiljøet, legge til rette for friluftsliv og betre tilgangen til ålmenta til sjøen.


Publisert 25.04.2023

Kunngjering av løyve til mudring og dumping i sjø ved gnr/bnr 112/29 i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden Utviklingsselskap fekk 21. april løyve etter forureiningsforskrifta til mudring/undervasssprenging og dumping av 3 500 m3 massar ved gnr/bnr 112/29. Formålet med tiltaket er å etablere ei kai og å sikre tilstrekkeleg seglingsdjupne og tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. 


Publisert 24.04.2023

Kunngjering om endra løyve til Simas IKS i Festingdalen

Simas IKS har 19. april 2023 fått endra løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg i Festingdalen


Publisert 21.04.2023

Kunngjering av endra løyve for Sunnfjord Miljøverk IKS i Hesjedalen

Sunnfjord Miljøverk IKS sitt anlegg i Hesjedalen i Sunnfjord kommune har fått endra løyve etter forureiningslova. 


Publisert 14.04.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i Storavatnet i Bergen kommune til Bergen Vann

Bergen Vann fekk 14. april 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i Storavatnet i Bergen kommune. Formålet med tiltaket er å rehabilitere eksisterande dammar i Storavatnet.