Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 20.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -Svanøy Havbruk i Kinn kommune

Svanøy Havbruk fekk løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø 20. juni 2024. Formålet med tiltaket er å utvide landarealet på anlegget i Svanøybukta basert på utfylling i sjø, gnr/bnr 117/42 i Kinn kommune


Publisert 19.06.2024

Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen

Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.


Publisert 18.06.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Sævareid Fiskeanlegg i Bjørnafjorden kommune

Sævareid Fiskeanlegg fekk 17. juni 2024 løyve til anleggsarbeid i elv og sjø. 


Publisert 17.06.2024

Kunngjering - Løyve til forureining frå to akvakulturanlegg i Austevoll kommune

Lerøy Ocean Harvest AS har 10. juni 2024 fått to nye løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg for makroalgar på lokalitetane Erholmen og Håviksflu.


Publisert 17.06.2024

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Solund kommune

Sol Smolt AS har 17. juni 2024 fått nytt løyve etter forureiningslova for utviding av settefiskanlegget på lokaliteten Storevatn.


Publisert 17.06.2024

Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk AS har 17. juni 2024 fått nytt løyve etter forureiningslova for utviding av settefiskanlegget på lokaliteten Marøysundet II.


Publisert 14.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Kjøde næringsområde i Kinn kommune

Kystverket fekk 14. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Kjøde næringsområde i Kjødepollen. 


Publisert 31.05.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved sentrumstomta B9 for Kystbyen AS i Kinn kommune

Kystbyen AS fekk løyve 31. mai 2024 etter forureiningslova til utfylling i sjø. Føremålet er opparbeiding av nytt landareal for nytt bustadområdet og bygging av framtidig molo som skal verne området for vær og vind. Massane som skal nyttast kjem frå Kystverkets prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø hamn. Massane vil bli levert på lekter, og lagt ut i sjøen med gravemaskin.


Publisert 31.05.2024

Kunngjering av løyve til utslepp frå anleggsfasen - oppgradering Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune - Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune fekk 31. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp frå anleggsarbeid i samband med utberting av Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune


Publisert 30.05.2024

Kunngjering av løyve til utslepp frå anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 30. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utlepp i anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.