Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.12.2023

Kunngjering av løyve til Norscrap West AS på Hanøytangen

Norscrap West AS har 20. november 2023 fått endra løyve til avfallsanlegg på Hanøytangen i Askøy kommune. 


Publisert 16.11.2023

Kunngjering om nytt mellombels løyve til avfallsbehandling i Høyanger

Vest Resirkuleringssenter AS har 14. november 2023 fått løyve etter forureiningslova til avfallsbehandling i Høyanger næringspark.  


Publisert 03.11.2023

Kunngjering løyve anleggsarbeid i sjø - bygging av Ytre Steinsund bru i Solund kommune

Statsforvaltaren gav den 3. november 2023 løyve til anleggsarbeid i sjø for etablering av Ytre Steinsund bru i Solund kommune.  Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune 


Publisert 27.10.2023

Kunngjering av utsleppsløyve til Forevatnet vassverk

Sveio kommune fekk 27. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av drikkevatn ved Forevatnet vassverk.


Publisert 13.10.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid for Bordalen kraftverk i Etne

Kraftpartnar AS fekk 12. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunneldrivevatn i samband med bygging av Bordalen kraftverk i Etne kommune.


Publisert 09.10.2023

Kunngjering av løyve for anleggsarbeid i sjø - Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 9. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Bildøystraumen og Straumsundet i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet. 


Publisert 06.10.2023

Kunngjering løyve til anleggsarbeid i sjø - etablering av landfall Yggdrasil prosjektet

Statsforvaltaren gav den 4. oktober 2023 løyve til anleggsarbeid i sjø for etablering av landfall i Samnanger og Fitjar kommune. Prosjektet skal forsyne Yggdrasil-området med straum frå det nasjonale straumnettet på land.  Løyvet er gjeve til Aker BP. 


Publisert 29.09.2023

Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Eidfjord

Eidfjord kommune fekk 4. september 2023 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Sysendalen tettbygde område.


Publisert 29.09.2023

Kunngjering av løyve til mellombels utsleppsløysing i Eidfjord

Eidfjord kommune fekk 1. september 2023 løyve etter forureiningslova til mellombels utsleppsløysing for Sysendalen tettbygde område.


Publisert 07.09.2023

Kunngjering av løyve til mudring, dumping og utfylling i samband med bygging av Stad skipstunnel for Kystverket i Stad kommune

Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til tiltak i sjø i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket.