Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.09.2023

Kunngjering av løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel

Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket. 


Publisert 05.07.2023

Løyve til asfaltfabrikk på Åsebø i Askøy

ADL asfalt AS har fått utsleppsløyve for asfaltverk på Åsebø / Askøy næringspark.


Publisert 04.07.2023

Atracco Bergen får løyve til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes

Atracco Bergen har 4. juli 2023 fått løyve etter forureiningslova til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.  


Publisert 04.07.2023

Bergen Bildemontering AS får løyve til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes

Bergen Bildemontering AS har 4. juli 2023 fått løyve etter forureiningslova til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy på Ågotnes i Øygarden kommune.  


Publisert 28.06.2023

Kunngjering av løyve til graving i forureina grunn i Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 28. juni 2023 løyve etter forureiningslova til graving i forureina grunn i Øygarden kommune. Løyvet gjeld graving i samband med etablering av ny Rv 555 Sotrasambandet. 


Publisert 23.06.2023

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved Allmenningen i Kinn kommune

Nordvestvinduet eiendom AS fekk 23. juni 2023 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Allmenningen i Kinn kommune. 

Føremålet med utfyllinga er å utvide næringsarealet i samsvar med gjeldande reguleringsplan. 


Publisert 21.06.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv 555

Statens vegvesen fekk 16. juni 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid knytt til Rv 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storavatnet og Stovevatnet i Øygarden kommune


Publisert 19.06.2023

Kunngjering av løyve til deponering av overskotsmassar frå bygging av fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Statsforvaltaren gav 19. juni 2023 løyve til deponering av overskotsmassar i Sørfjorden og Veafjorden i tre sjødeponi innanfor arealavgrensinga vedteken i statleg reguleringsplan. Løyvet er gitt til Statens vegvesen og Bane NOR. 


Publisert 24.05.2023

Kunngjering av endra løyve for BIR Bedrift AS på Lønningshaugen

BIR Bedrift AS sitt anlegg på Lønningshaugen i Bergen kommune har fått endra løyve etter forureiningslova 24. mai 2023. Løyvet er oppdatert i samsvar med nye krav i industriutsleppsdirektivet.


Publisert 24.05.2023

Kunngjering av løyve til kompostering på Hesjaslettet i Vik kommune

Vik kommune sitt anlegg for kompostering av park- og hageavfall på Hesjaslettet i Vik kommune har fått endra løyve etter forureiningslova 23. mai 2023.