Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.06.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Kjøde næringsområde i Stad kommune

Kystverket fekk 14. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Kjøde næringsområde i Kjødepollen. 


Publisert 31.05.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø ved sentrumstomta B9 for Kystbyen AS i Kinn kommune

Kystbyen AS fekk løyve 31. mai 2024 etter forureiningslova til utfylling i sjø. Føremålet er opparbeiding av nytt landareal for nytt bustadområdet og bygging av framtidig molo som skal verne området for vær og vind. Massane som skal nyttast kjem frå Kystverkets prosjekt med utdjuping av innseglinga til Florø hamn. Massane vil bli levert på lekter, og lagt ut i sjøen med gravemaskin.


Publisert 31.05.2024

Kunngjering av løyve til utslepp frå anleggsfasen - oppgradering Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune - Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune fekk 31. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp frå anleggsarbeid i samband med utberting av Fv 50 Vassbygdtunnelen i Aurland kommune


Publisert 30.05.2024

Kunngjering av løyve til utslepp frå anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 30. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utlepp i anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet. 


Publisert 30.05.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Stekervika i Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 29. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i Stekervika i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet. 


Publisert 23.05.2024

Kunngjering av løyve til mudring og undervassprenging for Trygvason AS

Trygvason AS fekk 23. mai 2024 løyve etter forureiningslova til mudring og undervassprenging i sjø ved gnr. 50 og bnr. 30 i Bømlo kommune.


Publisert 21.05.2024

Kunngjering løyve etter forureiningslova - opprydding forureina grunn Gnr/bnr 130/7 Øygarden kommune

Sotra Link Construction fekk 21. mai 2024 løyve etter forureiningslova til å fjerne alle forureina masser frå det tidlegare ulovlege deponiet Vorlandstippen gnr/bnr 130/7 i Øygarden kommune


Publisert 16.05.2024

Kunngjering løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø - Alsaker Brygge

Alsaker Brygge fekk 14. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedom gnr/bnr 153/1 i Tysnes kommune


Publisert 16.05.2024

Kunngjering av løyve etter forureiningslova utfylling i sjø for Alsaker Brygge

Alsaker Brygge AS fekk 14. mai 2024 løyve etter forureiningslove til utfylling i sjø ved eigedom gnr/bnr 154/4 og 154/20 i Tysnes kommune. 


Publisert 16.05.2024

Kunngjering endra løyve Hilleren Eiendom - gnr/bnr 128/2 i Bergen

Hilleren Eiendom AS fekk 16. mai 2024 endra løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø. Formålet er å etablere ny kai med auka seglingsdjupne.