Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.04.2020

Helsedirektoratets anbefaling om tiltak mot utbrotet av koronavirus

Helsedirektoratet anbefaler å lette på nokre av tiltaka for å hindre spreiing av koronasmitte frå 20. april.


Publisert 20.04.2020

Forsvarleg drift i helseverksemder med ein-til-ein kontakt

I Helsedirektoratet sin rettleiar kan helsepersonell finne råd om smittevern og Covid-19.


Publisert 20.04.2020

Nettundervisning for helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt

Nettundervininga handlar om nytt koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt. Tidspunkt er måndag 20. april klokka 14.00-15.30, og undervisninga blir tilgjengeleg i etterkant.


Publisert 17.04.2020

Endringar i mellombelse forskrifter som gjeld barnehage og skule

Forskrifter som gjeld endringar i mellombelse forskrifter om barnehage og skule blei vedtatt i statsråd 17. april 2020.


Publisert 17.04.2020

Foreldre må ha legeerklæring for å få omsorgspengar

Regjeringa har bestemt at foreldre må ha legeerklæring for å få omsorgspengar.


Publisert 17.04.2020

Opplæringspakke for personale utan helsefagleg utdanning

Målgruppa for opplæringa er nye tilsette og vikarar, og tilsette frå andre einingar i kommunen som blir omdisponert grunna situasjonen rundt Covid-19.


Publisert 16.04.2020

Smittevernrettleiar for barnehagar

Barnehagar skal gjenopnast frå 20. april. Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for smittevern i barnehagane.


Publisert 08.04.2020

Informasjon om opning av barnehagar og skular

Her finn de informasjon om gjenopninga av barnehagar og skular, tilbod for barn av føresette med kritiske samfunnsfunksjonar, og foreldrebetaling for barn i barnehage og SFO.


Publisert 06.04.2020

Rettleiingstelefon for barneverntenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har oppretta ein rettleiingstelefon for barnevernsleiarar og kommuneleiarar med ansvar for barnevern.


Publisert 06.04.2020

Råd om personleg verneutstyr ved covid-19

For at personleg verneutstyr skal ha ønska effekt, må det nyttast på rett måte og til rett tid.