Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.04.2020

Opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) Vestland har utarbeidd ein opplæringspakke som kommunane kan nytte i opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat.


Publisert 06.04.2020

Faktaark om falske nyhende

Falske nyhende kan i verste fall føre til mistillit mellom styresmaktene og innbyggjarane, med fare for at folk handlar i strid med viktige råd og retningslinjer knytt til Covid-19-krisa.


Publisert 03.04.2020

Rettleiing om regelverket for individuell plan, koordinator og koordinering

Mellombelse endringar i helselovgjevinga fører til endringar i regelverket om individuell plan, koordinator og koordinering.


Publisert 03.04.2020

Webinar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet inviterer til webinar for kommunelegar og allmennlegar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta måndag 6. april.


Publisert 03.04.2020

Kritiske samfunnsfunksjonar innan vassdragskalking

Kontinuerleg vassdragskalking utan avbrot er eit viktig og avgjerande tiltak for å sikre god nok vasskvalitet i laksevassdrag som er påverka av forsuring.


Publisert 02.04.2020

Informasjon til avfallsanlegg

For å unngå at avfall hoper seg opp som følge koronasituasjonen gir Miljødirektoratet avfallsanlegg midlertidig løyve til å ta imot og lagre meir avfall. Dei har også bedt kommunane halde gjenvinningsstasjonane ope for å sikre eit minimumstilbod.


Publisert 02.04.2020

Nettundervisning om koronavirus og covid-19 i sjukeheimar

Fredag 3. april held Folkehelseinstituttet nettundervisning om koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i sjukeheimar.


Publisert 02.04.2020

Påskeopne barnehagar og skuler

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil sikre at barna til tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar og sårbare barn får tilbod i heile påsken.


Publisert 02.04.2020

Tilbod til barn som ikkje kan vere heime

Det er vedtatt fleire mellombelse forskrifter på utdanningsområdet, mellom anna for skule og barnehage. Desse forskriftene har særreglar om klagerett.


Publisert 01.04.2020

Mellombelse forskrifter som gjeld barnehage, skule og introduksjonsprogram

Forskrifter som gjeld barnehage, skule og introduksjonsprogram blei vedtatt i statsråd 27. mars 2020. Dette er mellombelse forskrifter, som no er gjeldande, jf. koronalova.