Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.07.2020

Lengre ventetid ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar

Helsetilsynets gjennomgang av statistikk for perioden mai 2019 til mai 2020, viser at ventetida ved barne- og ungdomspsykiatriske klinikkar gjekk opp i vår.


Publisert 08.07.2020

Helsetilsynet har kartlagt smittevern i heimetenestene

Føremålet var å få oversikt over korleis kommunane har lagt til rette for å førebyggje og handtere koronasmitte.


Publisert 07.07.2020

Helsepersonell frå Sverige skal testast

Svenske helsearbeidarar skal testast for covid-19 to gongar, med minimum 48 timar mellomrom, etter at dei har kome til Noreg.


Publisert 02.07.2020

Erfaringar så langt frå covid-19-pandemien

Kva har vore positivt, og kva kan vi bli betre på i neste fase av handteringa?


Publisert 22.06.2020

Tilbod i barnehagar og SFO gjennom sommaren

Kunnskapsdepartementet har svart på spørsmål om tilbod til barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar når barnehagar og SFO held stengt gjennom sommaren.


Publisert 19.06.2020

Endring i mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Paragraf 6 om eigenmelding ved sjukdom under gjennomføring av kvalifiseringsprogram er oppheva frå 1. juni 2020.


Publisert 15.06.2020

Rettleiing for frivillige og tvungne smitteverntiltak

Rettleiinga tek for seg frivillig gjennomføring og førebygging for å unngå bruk av tvang kring smitteverntiltak. I tillegg blir det gitt utdjupande rettleiing for situasjonar der frivillige tiltak ikkje fører fram.


Publisert 04.06.2020

Foreldrebetaling for SFO

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen, for dei med samfunnskritiske funksjonar.


Publisert 04.06.2020

Rett til skuleskyss og oppmjuking av smittevern

Rett til skuleskyss og rett til opplæring skal gå føre avstandskravet i smittevernrettleiar for kollektivtrafikk der avstandskravet er til hinder for å få frakta alle barn og unge på skulen.


Publisert 03.06.2020

Barnehagar og skular kan lette på smitteverntiltak

Eit nytt system med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva for smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule.