Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 27.09.2024

Kunngjering av løyve til utfylling i sjø i Eidfjord sentrum for Eidfjord kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 27. september 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø i Eidfjord sentrum til Eidfjord kommune. Formålet med tiltaket er å etablera eit nytt torg ein ny sjøpromenade og forlenge eksisterande kai.


Publisert 23.09.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø for Nøstet sjøfront AS Bergen kommune

Satsforvaltaren gav 23. september 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø utanfor gnr./bnr. 165/1133, 165/581 m fl på Nøstet i Bergen kommune. Løyvet er gjeven til Nøstet Sjøfront AS 


Publisert 20.09.2024

Kunngjering av løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi - Fardalen Kraftverk AS - Årdal kommune

Statsforvaltaren gav 20. september 2024 Fardalen Kraftverk AS løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi til Fardalselvi i Årdal kommune. Formålet er å byggje nye tunnelar til kraftverket i Fardalen. 


Publisert 12.09.2024

Kunngjering - endra løyve til anleggsarbeid - oppgradering Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune

Vestland fylkeskommune fekk 12 september 2024 endra løyve etter forureiningslova til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen. 


Publisert 10.09.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Westcon Yard Florø - Kinn kommune

Statsforvaltaren gav 9. september 2024 Westcon Yard Florø løyve til mudring/undervassprenging av 4 000 m³ massar i sjø ved gnr./bnr. 112/29. Formålet er auka seglingsdjupne framfor innseglinga til ei ny tørrdokk.


Publisert 05.09.2024

Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - Ospeviki i Samnanger for Aker BP

Statsforvaltaren endra 5. september 2024 løyvet til Aker BP for anleggsarbeid i sjø knytt til landfall Ospeviki i Samnanger kommune. Formålet med prosjektet er å forsyne Yggdrasil-området med straum frå  Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger


Publisert 04.09.2024

Kunngjering av endra løyve til opprydding av Vorlandstippen i Øygarden kommune for Sotra Link Construction

Statsforvaltaren endra 3. september 2024 Sotra Link Construction sitt løyve til opprydding/fjerning av forureina massar frå gnr/bnr 130/1 og 134/7 (Vorlandstippen) i Øygarden kommune. 


Publisert 04.09.2024

Kunngjering av endra løyve til undervassprening av skjær innseglinga til Færøy kai i Kinn for Norled-

Statsforvaltaren endra 3. september 2024 Norled AS sitt løyve til mudring i sjø. Endringa omfattar sprenging av tre små skjær i tillegg, ei auking frå ca. 400 m³ massar til ca. 625 m3 massar. Formålet med tiltaket er å betre innseglinga til Færøya og område ved kai for å leggje til rette for bruk av større fartøy.


Publisert 29.08.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø Fitjar Mekaniske verksted

Fitjar Mekaniske verksted fekk løyve etter forureiningslova den 29. august 2024 til utfylling i sjø på verftseigedomen gnr/bnr 65/71 i Fitjar kommune


Publisert 27.08.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø ved E39 Oppedal ferjeleie Statens vegvesen

Statens vegvesen fekk løyve til anleggsarbeid i sjø 27. august 2024. Formålet med tiltaket er å etablere ein liggekai ved E39 Oppedal ferjeleie.