Kommunetrappa 2023

kommunetrappa 2023

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».

Publisert 21.12.2023, Sist endret 21.12.2023

Kommunetrappa i Rogaland blei første gong publisert i 2019 og er ei oppsummering av det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

Statsforvaltaren har fått positive tilbakemeldinger på kommunetrappa, og me ser at den aukar motivasjonen for forbetring, og komma høgare opp på trappa. Resultata har dei seinare åra vore relativt stabile for kommunane i Rogaland. No ser me derimot ei nedgong på 3,23 poeng frå i fjor. Fire kommunar hamnar i år i raud sone, noko som er urovekkande.

Status for Rogaland

Alle kommunane i Rogaland har svart på årets kommuneundersøking. Kommuneundersøkinga har i fleire år vist ei positiv utvikling i talet på kommunar som oppfyller krava i kommunal beredskapsplikt.

Resultatet frå Kommuneundersøkinga til DSB i 2023, viser at 32 prosent av kommunane i Norge har ein heilskapleg ROS som er meir enn 4 år gammal. Av kommunane i Rogaland er det 22 prosent som har ein ROS-analyse som er frå 2018 eller tidlegare, noko som er ei auke. 78 prosent av kommunane i landet  har utarbeidd beredskapsplan med utgangspunkt i heilskapleg ROS. Av kommunane i Rogaland svarar 91,3 prosent «ja» på det spørsmålet.

12 av 23 kommunar har oppdatert beredskapsplan

Den tryggingspolitiske situasjonen og hendingar som Covid-pandemien har dei siste åra vist at kommunane må vere budde på å handtera uønskte hendingar. Med utgangspunkt i den heilskaplege ROS-analysen, skal kommunen laga ein overordna beredskapsplan. Denne skal mellom anna samordne og integrere andre beredskapsplanar i kommunen, som til dømes helseberedskapsplan og smittevernplan.

I år ser me ei nedgang i tal kommunar som har oppdatert og revidert beredskapsplanen. 52 prosent av kommunane i Rogaland  svarar i år at beredskapsplanen har blitt oppdatert eller revidert siste året. Samanlikna med i fjor var det 83 prosent som hadde oppdatert eller revidert beredskapsplanen siste året. I forskrift om kommunal beredskapsplikt står det at beredskapsplanen til kommunen til ei kvar tid skal vere oppdatert, og skal reviderast årleg.

Utvikling frå 2022 til 2023

Fram til 2023 har kommunane har hatt stor framgang når det gjeld kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.  No ser me ei endring.

 

Årstal

2018

2019

2020

2021

2022

2023

Gjennomsnitt:

31,86

31,83

34,78

34,45

35,27

32,04

 

Resultata frå 2023 er i gjennomsnitt 32,04 poeng, som er ei stor nedgang frå i fjor der resultatet var 35,27 poeng. Ein kommune ligg no mørkeraud sone og tre i raud sone. Det er 9 kommunar i oransje eller gul sone, og 10 i grøn sone. Til samanlikning hadde me 14 kommunar i grøn sone i fjor.

imagewmdev.png

Kommentar frå fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen:

Etter mange år med positiv utvikling ser me denne gong eit klart svakare resultat. Det er skuffande. Det me trakk fram som positivt i kommunetrappa for 2022 var at kommunane hadde blitt flinke til å revidere overordna beredskapsplan. Dette har snudd heilt om, i kommuneundersøkinga frå 2023 er det berre om lag halvparten av kommunane som har revidert beredskapsplanen det siste året.

Ei årsak til at resultata frå kommunetrappa er lågare enn dei siste åra, kan vere at mange kommunar har nye beredskapskoordinatorar som har vurdert status på ein annan måte. Det er likevel ikkje tvil om at det er ein jobb å gjere for mange kommunar for å etablere gode nok system for å sikre at krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt blir overheldt.

Det er veldig bra at alle kommunane har svar på kommuneundersøkinga som er hovudgrunnlaget for kommunetrappa. Det er kommunane si eigenmelding og vurdering av eigen status. Det einaste Statsforvaltaren vurderer er i kva grad kommunen brukte CIM, fram til CIM blei avslutta. Der det er avvik mellom kommunane si eigenvurdering og avvik frå tilsyn som ikkje er bekrefta lukka, får kommunen etter skjønn minuspoeng.

Me håper at kommunetrappa framleis vil vere ein inspirasjon til å utvikle det kommunale beredskapsarbeidet.

 

Kommuneundersøkinga 2023 – nykeltal for Rogaland

  • Alle kommunane i Rogaland (23 av 23) har svart på kommuneundersøkinga i 2023. Dette er ein særs høg svarprosent og gir eit godt grunnlag for å kunne samanlikne resultata.
  • Totalt er det mogleg for ein kommune å oppnå 40 poeng på kommunetrappa. For å hamne i mørkegrøn sone (svært høgt nivå) må ein ha mellom 38,9 og 40 poeng. To kommunar hamnar i mørkegrøn sone i 2023. Det er to færre enn fjoråret.
  • Åtte kommunar hamnar i lysegrøn sone (høgt nivå). Åtte kommunar hamnar i gul sone (middels høgt nivå), ein kommune hamnar i oransje sone (middels lågt nivå) og tre kommue hamnar i raud sone (lågt nivå). Ein kommune hamnar i mørkeraud sone (svært lågt nivå).
  • Resultata frå 2023 viser at tre kommunar får betre resultat, mens tolv får dårlegare resultat enn i 2022. Åtte kommunar ligg på same nivå som sist.
  • Gjennomsnittleg poengsum har gått ned frå 35,27 poeng i 2022 til 32,04 poeng i 2023
  • I fjor hadde fleire tatt grep og oppdatert beredskapsplanane sine. Me ser at dette arbeidet ikkje har haldt fram i år. I fjor var det berre 17 prosent av kommunane som ikkje hadde oppdatert og revidert beredskapsplanen det siste året. I år er det 48 prosent som ikkje har oppdatert og revidert. Det er ei utvikling i feil retning. Statsforvaltaren minner om at kommunane har plikt til å oppdatere og revidere overordna beredskapsplan årleg, jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 6.
  • I 2023 vart det gjennomført fire tilsyn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.