God deltaking på webinar innan demensomsorg på gard

Demensomsorg på gard Foto: Torvholen gard.

IPT-tilbydarar og kommunar fekk nyttig kunnskap om dagaktivitetstilbod på gard.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2023

Tysdag 26. april arrangerte Statsforvaltaren i Rogaland webinar om kva moglegheiter demensomsorg på gard kan gje.

Stor interesse for supplerande tilbod

Det var 45 deltakarar frå Rogaland og andre fylke. Både IPT-tilbydarar og representantar frå kommunar var godt representerte. Vi blir eldre og stadig fleire får diagnosen demens og det er viktig for kommunar å finne gode supplerande tilbod i tillegg til kommunale dagaktivitetstilbod. Demensomsorg på gard kan vere eit godt alternativ til personar med kognitiv svikt eller demens i tidleg fase.

Anbefaler interkommunale løysingar 

Ingunn Sigstad Moen fortalte om sitt tilbod på Lillehov Gard i Løten kommune som har hatt demensomsorg på gard sidan 2004. Det starta som eit prosjekt i samarbeid med tre kommunar for å utvikle tilbodet, og etter nokre år blei det eit permanent tilbod som er forankra i kommunale budsjett. Lillehov tar i dag imot seks personar fem dagar i uka kor fagleg kompetanse og personleg eigenskap blant tilsette er ein viktig faktor. Daglege rutinar med aktivitetar både inne og ute, gode måltidsopplevingar og fysisk aktivitet er viktige ingrediensar i demensomsorg på gard. Ho anbefalte interkommunalt samarbeid slik at fleire mindre kommunar kan dele på kostnader. For Lillehov Gard har tilbodet hatt ei stor betydning for å anvende garden til ei ny næring med grunnlag i garden sine ressursar.

Politisk forankring er nødvendig

Time kommune ved Rita Ueland og Marianne Rangnes fortalde om sine erfaringar med å starte opp med demensomsorg på gard. Dei fekk midlar av Statsforvaltaren i 2021 for å forebygge einsemd blant eldre i Covid-pandemien. Dei kom i kontakt med Torvholen Gard i Klepp kommune for å sjå om demensomsorg på gard kunne vere ei god løysing for yngre personar med demens og kognitiv svikt. I prosjektperioden blei det etablert et godt samarbeid mellom kommune og gard, og tida blei brukt på å prøve ut konseptet, finne god struktur på tilbodet og rekruttere deltakarar som ønskte eit anna tilbod enn ordinært dagaktivitetstilbod. I dag er tilbodet lagt inn i kommunalt budsjett, og viktige faktorar for å lukkast med etablering av demensomsorg på gard er sterk forankring i kommunen, både på politisk og administrativt hald.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.