Auka sats for investeringsmidlar til lausdriftsfjøs frå 1. juli 2023

Trefjøs i Bjørheimsbygd
Trefjøs i Bjørheimsbygd Foto: Anfinn Rosnes.

I jordbruksoppgjeret er det semje om å auke maksimal sats for støtte til lausdriftsfjøs til 50 prosent, og dette skal gjelde frå 1. juli 2023. I 2024 er det også sett av ein eigen nasjonal pott på 100 millionar kroner til dette føremålet, som kan nyttast av fylke som har brukt opp dei fylkesvise midlane.

Publisert 13.06.2023

Innovasjon Norge melder nå at midlane for 2023 snart er brukt opp, trass i auke i potten frå 70 til om lag 90 millionar kroner. Det var møte i landbrukspartnarskapet den 19. april der vi drøfta status og vidare prioritering. Men, det er altså kome endringar gjennom jordbruksoppgjeret som tilseier ny dialog i avtalt møte 23. juni.

Det blir ikkje full sats i Rogaland

Det er framleis slik at mjølkefjøs inntil 30 kyr har høg prioritet, og det kan ventast auka sats for dei mest prioriterte prosjekta. Det har sjeldan vore slik at prosjekt i Rogaland har blitt støtta med maksimal sats. Sjølv med dei nemnte endringane som kjem fram av jordbruksoppgjeret, gjeld prioriteringane for 2023 som er avtalt i partnarskapet. Det kan ventast endå meir fokus på omlegging til lausdrift i mjølkesektoren.

Rogaland bør få ekstra midlar 

Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfanget i husdyrhaldet, og det er difor viktig at vi har klar saker om det skulle bli ekstra rammer over sommaren som følgje av omfordeling mellom regionane. Og at vi samstundes er godt førebudd til å nytte midlar frå den nasjonale potten som er prioritert for lausdriftsfjøs i 2024. Ikkje vent med å søke om du har tenkt å bygge nytt fjøs.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.