Lokalmat er i vinden som aldri før

Det stadfestar salstala for 2013 som viser at pilane peker bratt oppover. Lokalmat seld i daglegvarebutikkar har hatt ein vekst på 8,4 prosent det siste året og omsett for over tre milliarder kroner i 2013

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2014

Rogaland er eit mangfaldig fylke med lange strender, karrige beiteområde, mykje fruktbar jord, langstrakte heiar, bratte fjell, djupe fjordar,  vakre fossar og elvar. På nes og hamrar finn vi stolte matprodusentar av norsk mat.

Nokre av produsentane tar steget ut i ei uoversiktleg verd, der ord som konseptutvikling, budsjett, internrente, produktutvikling, marknadsføring, sal, logistikk, foredling og forbrukarkontakt florerer. I dei femten siste åra har det sakte, men sikkert blitt bygd opp ein grunnstamme av produsentar som vil følgje draumen sin om å vidareforedle eigne produkt og drive med sal av lokalmat. I Rogaland finn vi om lag 80 produsentar av lokalmat. I tillegg kjem serveringsstader som og produserer ein god del lokalmat sjølve.

I 2013 kunne vi feire prisvinnande lokalmatprodusentar frå heile Rogaland!

Grønvik Gard
Karen Schneider – eplemost frå Ryfylke blei kåra til den beste eplemosten i Noreg. Elisabeth Grønvik frå Fister  har på berre nokre få år bygd opp ein framifrå produksjon av eplemost.

Haslemo gard
Brun geitost frå Haslemo i Vats tok gull under Landsutstillinga for Norsk gardsost. Jan Haslemo har i mange år produsert geitost på Haukeli, og for nokre år sidan bygde han eit ysteri på heimagarden.

Dalane Kalv
Svein Narve Veshovda frå Egersund har vore sentral i arbeidet med å etablere Dalane Kalv, og for dette arbeidet, pluss mykje meir,  fekk han Bygdeutviklingsprisen for 2013.

Aurenes
Bo Jensen blei den første i Noreg som fekk initiativprisen til Cordon Bleu du Saint Esprit. Det  lidenskaplege engasjement hans for den jærske Knudenosten frå Aurenes var ein av grunnane til at han fekk tildelt denne gjeve prisen.

Nykomlingar
Nykomlingar som allereie har set spor etter seg er til dømes Hanasand gard og kjøkken på Rennesøy. I eit ombygd grisefjøset foredlar og serverer dei heilt nye produkt med basis i tomatproduksjonen, samt annan lokalmat. I Lysefjorden produserer Lysefjorden Sjokoladefabrikk sjokolade med fyll av  mjølk frå garden. Ivrige bønder på Skeie gard på Karmøy lagar hamburgarar av eigenprodusert storfekjøt. I Sauda er Ryfylke Mat i ferd med å byggje opp eit foredlingsanlegg for kjøt. Nesheimstunet i Vats har hatt ein eventyrleg start på dei nye overnatting- og selskapslokala i gammallåven. Vestgaard Mat har i fleire år drive med matproduksjon og foredling av sik ved Orrevatnet. Fjøset har dei bygd om til serverings- og foredlingslokalar.

Utvikling
Produsentane har stadig behov for å auke kompetansenivået, drive produktutvikling, bygge nettverk osv. I året som gjekk har Kompetansenavet og Fylkesmannen i møtekomme dette behovet ved å arrangere Smaksverkstad i Haugesund, kurs i hygiene, kjøtnedskjering og sylting, studietur til Grüne Woche i Berlin, marknaden Markens Grøde, temakveldar innan marknadsføring, sal og prising og mykje meir.

Auka matmangfald på MatSmiå 2014
Dei etablerte matprodusentane ønskjer fleire  samarbeidspartar. Matsmiå gir deg inspirasjon til å starte eller vidareutvikle verksemda di.  Arrangementet går av stabelen 19. - 20. februar i Haugesund.

Sjå program og påmelding under arrangement på heimasida til Måltidets Hus.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.