Straumpakke og økonomiske utfordringar i jordbruket

Flott kulturlandskap i Årdal
Slikt landbruk vil vi ha - her frå Årdal. Foto: Anfinn Rosnes.

Det er godt kjent at det er økonomiske utfordringar i jordbruksnæringa nå om dagen. I Rogaland rammar det særleg innan husdyrhald og veksthus. Straumpakka frå regjeringa som nyleg blei lagt fram er til god hjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.01.2022

Straumpakka som blei avtalt 17. januar har fått positiv merksemd i næringa, saman med dei  754 millionar som det blei semje om i tilleggsforhandlingane i oktober 2021. Dette vil gi god hjelp gjennom vinteren. Tveit Rekneskap AS har denne veka laga nokre døme på korleis situasjonen er på bruksnivå.

Konsekvensar for enkeltbruk

Tveit Regnskap AS sine døme viser korleis auke i kostnadar kan slå ut på ein tenkt gard. Dette gir nyttig informasjon om utfordringane bonden står føre. Tala viser døme frå typiske driftsopplegg frå vår region, med ein inntektsnedgang på over 50 000 kr på eit gjennomsnittleg mjølkebruk. Vi gjer merksam på at eksempla er laga før strømpakka var kjend.

Marknadsbalanse skulle gi optimisme

Som det blir peika på i vedlegget, skulle det vere grunn til optimisme i jordbruket som følgje av auka etterspurnad etter lokale matvarer. Bøndene såg føre seg potensiale for å ta stabile og auka prisar frå marknaden. Det er difor også lagt inn auke i inntekt i nemnte rekneeksempel når det gjeld marknadspris. Men ingen kunne sjå føre seg den store prisauken vi har fått m.a. på handelsgjødsel, energi og bygningsartiklar.

Viktig å verdsette husdyrgjødsla

Det kan sjå ut som det er prisen på handelsgjødsel som har auka mest når det gjeld innsatsfaktorar. Eksploderande prisar på handelsgjødsel kan gi oss ein enda berte grunn til å fokusere på verdien av husdyrgjødsla. Det å bruke husdyrgjødsla meir målretta, og til rett tid, vil gi redusert behov for innkjøp av handelsgjødsel. Her spelar kapasitet i gjødsellager og satsing på biogass av husdyrgjødsel også inn. Det passar då bra med auke i sats for investeringstilskot til gjødsellager, der du nå kan få opp til 200 000 kr i støtte.    

Inntektsutval framleis i arbeid

Vi vil på ingen måte seie at det er enkelt å løyse dei utfordringane næringa står føre. Og dei økonomiske tilhøva på det enkelte bruk vil alltid variere, og mange faktorar spelar inn på resultatet. Det er samstundes viktig å ha eit godt kunnskapsgrunnlag. Vi ser difor fram til resultatet av arbeidet  i ekspertutvalet som skal sjå på korleis vi reknar ut inntekt frå jordbruket. Dei skal levere ei innstilling innan 1. juli 2022.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.