Bruk av robot i opplæringa

Bruk av robot i klasserommet kan vere til stor nytte for elevar som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan vere på skolen. Opplæringslova og personopplysningslova vil gjelde ved bruk av robot i skolen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2017

Kunnskapsdepartementet har, på bakgrunn av førespurnad frå Utdanningsdirektoratet, gitt ei avklaring av ulike spørsmål knytt til bruk av robot i undervisninga. Roboten det gjeld er plassert i klasserommet, og gir moglegheit for tovegs kommunikasjon av lyd og einvegs overføring av bilde frå klasserommet til ein elev som oppheld seg ein annan stad.

Kunnskapsdepartementet si vurdering

Departementet meiner at bruk av robot kan vere til stor nytte for elevar som grunna sjukdom eller skade ikkje kan vere på skolen. Å bruke robot til å følgje med på undervisninga og det som skjer på skolen kan vere med på å gi eleven viktig opplæring og oppleving av ikkje å vere fullstendig fråverande og sosialt isolert frå si klasse og sine klassekameratar.

Departementet seier vidare at eleven har rett til opplæring ved langvarig fråvær frå skolen, og at roboten si eventuelle rolle utgjer eit supplement til denne retten. Personopplysningslova vil gjelde ved bruk av robot i opplæringa og skoleeigar blir då ansvarleg for å oppfylle pliktane etter desse personvernreglane.

Rett og plikt til opplæring ved langvarig sjukdom og skade

Barn og unge som ikkje kan kome på skolen på grunn av langvarig sjukdom eller skade vil som regel anten vere i sin eigen heim eller i ein helseinstitusjon. Både når dei er heime eller på helseinstitusjon har dei rett og plikt til opplæring. Reglane om opplæring i heimen må vurderast ut frå reglane om spesialundervisning. Departementet ser ikkje bort frå at bruk av robot kan vere ein mogleg måte å organisere spesialundervisninga på. Departementet legg til grunn at undervisning via robot kjem i tillegg til andre måtar å organisere opplæringa på, t.d. besøk i heimen.

 

Friviljuge tiltak

Bruk av robot i opplæringa må reknast som eit friviljug tiltak både frå eleven si side, og frå skolen og skoleeigar si side. Dette inneber at skolen eller skoleeigar ikkje kan krevje at elevar som er borte frå skolen grunna sjukdom eller skade tek i bruk denne type robot. Å bruke robot for å ha kontakt med klasserommet og klassen er friviljug for eleven. Elevar og foreldre kan ikkje krevje at skolane må akseptere bruk av robot i sine klasserom.


Gratisprinsippet

Departementet legg til grunn at om bruk av robot er ein del av skolen og skoleeigar sitt opplæringstilbod, anten som ein måte å organisere spesialundervisninga på eller som ein del av opplæringa i helseinstitusjonen, må skoleeigar dekkje kostnadane med bruk av robot.

Er det eleven og foreldra som ønskjer å få utplassert ein robot i klasserommet som eit supplement til skolen sitt opplæringstilbod, vil ikkje kostnadane til bruk av robot bli dekka av retten til gratis opplæring. Eleven/foreldra må då ta kostnadene sjølve.

Personvern

Bruk av robot i undervisninga reiser spørsmål knytt til personvern og reglane for personopplysningar. I denne samanheng har departementet vore i kontakt med Datatilsynet.

Datatilsynet påpeikar at personopplysningslova gjeld handsaming av personopplysningar som heilt eller dels skjer med elektroniske hjelpemiddel. Datatilsynet meiner at det kan leggjast til grunn at einskilde personar kan identifiserast ved bruk av denne typen robot i klasserommet, og at utgangspunktet dermed er at personopplysningslova gjeld. 

Det betyr at skoleeiga må syte for at krava i personopplysningslova må oppfyllast. Lova stiller mellom anna krav om eit behandlingsansvar, t.d. samtykkje og informasjon til dei bruk av robot i klasserommet eller i skolen får følgjer for. Som behandlingsansvarleg har skoleeigar også ei rekkje plikter knytt til internkontroll og informasjonssikkerheit.



Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.