Ny podkast: Framtidsfullmakt

Har du høyrt om framtidsfullmakt? Ho er enkel å lage og lur å ha. I Norge blir alle vi som er over 18 år anbefalt å skrive ei framtidsfullmakt.

Publisert 04.05.2022

I framtidsfullmakta skal vi skrive ned interesser som er viktige for oss, og som vi ønsker skal bli tatt vare på dersom noko skulle skje med oss.

Sjukdom eller ulykker kan gjere at vi plutseleg ikkje lenger klarer å ta vare på interessene våre sjølv. I framtidsfullmakta skal vi også skrive namnet på den som vi ønsker skal ta vare på interessene våre.

I denne podkasten av For folk og natur snakkar vi om framtidsfullmakt – og kordan vi lagar ho.

Med i podkasten er rådgiver Synnøve Karlsen, statsforvaltar Else-May Norderhus og ergoterapaut i Molde kommune, Mari Husan. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet. Lars Levende Jacobsen styrer lyden.   

Denne episoden vart publisert 4. mai. 

For deg som ønsker meir informasjon: 

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.