Ny podkastepisode er ute: «Klimasnu – ei nødvendig omstilling»

I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Kva meiner vi med det? Kva for grep kan kommunane ta for å få ned klimagassutslepp? Kva er samanhengen mellom gründerverksemd og klimaomstilling? Kvifor skal vi ta spesielt vare på jord, myr og skog? Og kan kommunane vere med å bidra til gjenbruk?

Publisert 01.02.2022

I denne andre episoden, publisert 1. februar, snakkar kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik med statsforvaltar Else-May Norderhus om Klimasnu, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si tverrfaglege satsing på klimaomstilling.

Bildeling i Ålesund

I denne episoden seier vi at det er heimetenesta i Ålesund som deler biler med innbyggarane. Det er enda betre enn som så: Alle etatar i Ålesund kommune er med på bildelinga. Les meir her …  

For folk og natur

Les meir om den nystarta podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

 

PS: Vi er klar over at vi lova ei sending om berekraft som sending nummer to i podkasten «For folk og natur». Denne sendinga er i produksjon og vil komme innan få veker.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.