Ny podkast: Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!

Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2023

Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak.

Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. 

Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i ein skolemiljøsak, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren. Bruk gjerne skjemaet som du finn på våre nettsider.

Med i programmet er rådgivarane Einar Hernborg og Kristin Sundsbø, som arbeider med skolemiljøsaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.   

Denne episoden vart publisert 07.03.2023.

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.