Ny podkast: Demens

Demenssjukdom rammar mange i Norge. I denne podkasten snakkar vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og eg kan ta for å forebygge sjukdommen.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2022

 

Fleire meiner at demens er ei stille krise i samfunnet. Regjeringa skriv på sine nettsider at demens er ei av dei største globale utfordringane verda står overfor.

I dag er det 101 000 nordmenn – nesten 2 prosent av befolkninga - som har ei demensdiagnose. Ca 10 000 nye får diagnosen kvart år. Dette talet vil meir enn doble seg dei komande åra.

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing til kommunane, og sjå til at tenestene som kommunen gir er i tråd med dei nasjonale føringane for demensomsorga. Sjå demensplan 2025

Med i programmet er seniorrådgivar Eli Mette Finnøy, assisterande fylkeslege Åse Schiøtt og leiar for forsking, utvikling og innovasjon ved Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund, Bjarte Bye Løfaldli.

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.   

Denne episoden vart publisert 22.12.2022.

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.