Ny podkast: Hagerømlingar

Framande, skadelege planteartar tar over og "spis opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla "hagerømlingar". Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen. 

 

Publisert 24.06.2022

I denne podkasten får du høyre at du kan vere med å sikre naturmangfaldet i Norge. Det gjer du mellom anna ved ikkje å plante framande og forbudte planter i hagen din. Om du allereie har nokre slike planter, er det ditt ansvar å sørge for at dei ikkje sprer seg - og rømmer frå hagen din. Om du skal fjerne dei, må du ikkje dumpe hageavfall i naturen. Det kan vere nok til at plantene veks opp i grøfta der du slapp dei ned. 

Det er berre i fellesskap at vi kan bekjempe framande arter i naturen i Norge.

Del gjerne denne informasjonen om korleis vi i lag kan få fjerna desse artane! 

Du kan melde frå til Statsforvaltaren om du finn framande artar i naturen i Møre og Romsdal. Spesielt ønsker vi informasjon om kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre. Du melder funna til ansgr@statsforvalteren.no. Du kan også ta bilde og legge det inn i artsobservasjoner.

Med i podkasten er rådgiverane Hege Steigedal og Andreas Granli. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet. Lars Levende Jacobsen styrer lyden.   

Denne episoden vart publisert 24. juni. 

For deg som ønsker meir informasjon: 

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.