Ny podkast frå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal startar opp med podkast for å formidle viktig informasjon til innbyggarane i fylket.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal startar opp med podkast for å formidle viktig informasjon til innbyggarane i fylket. Foto: Stockphoto og Anita Grønland.

«For folk og natur» er tittelen på podkasten som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal startar opp med måndag 17. januar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2022

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

– Mange veit ikkje kva Statsforvaltaren er og gjer. Vi ønsker å opplyse og informere om tema som vi arbeider med. Derfor startar vi opp podkast, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

Lytt til første podkast her ...

Mange aktuelle tema

Ho håper at podkasten kan gi folk eit godt innblikk i eit mangfaldig saksområde.

– Vi vil snakke om det vi driv med til dagleg, fordi det angår så mange: Vi møter elever som ikkje har det trygt og godt på skolen, vi opprettar verjemål for dei som ønsker det, og som ikkje kan ta vare på interessene sine. Alle som søker om skilsmisse må søke hos Statsforvaltaren. Alle som ikkje kan køyre bil i en periode, må innom Statsforvaltaren når dei skal få ein ny vurdering av førekortet. Dette blir tema i ulike podkastar.   

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fører også tilsyn med kommunane.

– Også i den samanhengen er det mange viktige tema vi vil ta opp i podkasten. Vi kontrollerer om kommunane gjer kva dei er pålagt frå Storting og regjering. Tar dei vare på, og følgjer dei opp folk og natur etter dei lovane og retningslinjene som gjeld innan helse, miljø, landbruk, oppvekst og utdanning? Vi skal sjå til at rettstryggleiken til innbyggarane vert ivaretatt.

Lett tilgjengeleg

Ein podkast er lett tilgjengeleg, og kan lyttast til når folk har tid og lyst. Derfor vel Statsforvaltaren den kanalen.

­– Podkasten er retta mot alle innbyggarar i fylket - og innhaldet kan også vere interessant for politikarar og kommunane i Møre og Romsdal, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

I tillegg til her på nettsida, ligg podkasten på Spotify, og det vert jobba for å få den ut på iTunes. 

Høyr første podkast her!

Statsforvaltaren og kommunane (klikk på lenka for å lytte ... )

Kva for utfordringar og moglegheiter pregar kommunane våre? Kva gjer dei med rekrutteringsutfordringar? Korleis tek dei vare på ungdommane samtidig som ein stadig større del av innbyggarane er eldre?

I denne første episoden, publisert 17. januar, snakkar kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik med statsforvaltar Else-May Norderhus om rundreisa ho har vore på hos kommunane i fylket.

 

Lytt til podkasten