Ny podkast: Jordvern

Skal vi bygge ny veg eller ny bustad? Eller bør vi ta vare på matjorda som ligg der vi vil bygge? Jordvernet i Noreg tar vare på dyrka mark. Men kvifor er jordvern så viktig? Og kven er det som bestemmer kva vi bruker jorda vår til?

 

Publisert 10.06.2022

Å ta vare på matjorda er viktig. Jordvern handlar om å sikre oss som lever no, og etterkommerane våre moglegheita til å dyrke eigen mat på eigen jord.

Det å ta vare på matjorda i regionen er eit viktig arbeidsområde for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Det gjer vi mellom anna ved å sikre at kommunane følger lovverket: At dei tar vare på matjorda når dei bygg og utviklar sine område. 

Jordvern er viktig for matsikkerheit, livskvalitet, natur og landskap. 

Med i podkasten er direktør Frank Madsøy og statsforvaltar Else-May Norderhus. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet. Lars Levende Jacobsen styrer lyden.   

Denne episoden vart publisert 10. juni. 

For deg som ønsker meir informasjon: 

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.