Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Om oss

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 03.06.2020, Sist endret 31.12.2020

Oppgåver og ansvar

Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegne av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

  • Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer Statsforvaltaren fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.

  • Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.

  • Statsforvaltaren er regional samordningsstyresmakt for staten. Statsforvaltaren skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.

  • Som regjeringa sin representant i fylket skal Statsforvaltaren arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.

  • Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fylkesmannsinstruksen har meir om oppgåvene til embetet.

Organisasjonen

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har om lag 150 tilsette og er lokalisert på  Fylkeshuset i Molde.  Embetet er organisert i fem fagavdelingar og tre stabseiningar.

Dei fem fagavdelingane er:

  • Justis- og verjemålsavdelinga
  • Helse- og sosialavdelinga
  • Landbruksavdelinga
  • Miljøvernavdelinga
  • Oppvekst- og utdanningsavdelinga 

Dei tre stabseiningane er:

  • Administrasjon
  • Samordning
  • Samfunnstryggleik og beredskap

 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal - Strategiplan 2020-2023

Strategiplanen er ein felles utviklingsplan for embetet.

Planen vil i første rekke ha eit internt  siktemål, men vil også kunne tene som nyttig informasjon til eksterne brukarar og samarbeidspartar.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal perioden 2020-2023, arbeide aktivt for å ha ei høg måloppnåing innan alle embetsoppdrag, og samstundes prioritere følgjande tverrfaglege satsingsområde:

Planperioden har same tidshorisont som andre viktige strategiske plandokument på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå.

Les gjeldande strategiplan her

Tidlegare strategiplanar