Ny podkast: Velkommen til ope hus!

Bli betre kjend med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Embetsleiinga, ved assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, og statsforvaltar Else-May Norderhus inviterer til ope hus!

Publisert 17.02.2022, Sist endret 17.02.2022

Veit du kva Statsforvaltaren arbeider med? Det er et STORT mangfald av saker. Stikkord er til dømes: Trygt og godt skolemiljø, verjemål, naturmangfald, produksjon av norsk mat, krisehandtering – og så veldig mykje meir! 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal held til over to etasjar på Fylkeshuset i Molde. På turen som embetsleiinga tar deg med på, får du møte dei ulike avdelingane våre, og høyre om nokre av hovudoppgåvene deira.

Mange område

Statsforvaltaren jobbar for ei trygg framtid for folk og natur. Det gjer vi innanfor mange ulike områder: Helse og sosial, beredskap og samfunnstryggleik, landbruk og mat, miljø og klima, oppvekst og utdanning og på justis og verjemålsområdet. 150 personar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (tidlegare Fylkesmannen i Møre og Romsdal) arbeider for at du som bur og arbeider i fylket skal få rettane dine på alle desse områda – i tråd med regjeringas politikk, og slik Stortinget har bestemt.

Denne tredje episoden ble publisert 17. februar. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leder samtalen.  

For folk og natur

Les meir om den nystarta podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.