Ny podkast: Tredrivaren

Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale.   

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.11.2022

I denne podkasten får du høyre korleis vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider for å auke bruken av tre som bygningsmateriale. Oppdraget har vi fått frå Landbruks- og matdepartementet. 

Som byggemateriale gir tre låge klimautslepp og har eit stort bruksområde. 

I podkasten møter du fylkesskogmeister og tredrivar Christina Qvam Heggertveit. Du får høyre korleis ho jobber med kommunar og med skog- og treindustri. 

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.   

Denne episoden vart publisert 21.11.2022.

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.