Postjournal

Alle kan krevje innsyn i brev og dokument frå det offentlege. Retten til innsyn og krav til publisering av postjournalar er heimla i fleire lover og forskrifter. Ein postjournal er enkelt forklart eit register over all arkivført post og korrespondanse inn og ut frå offentlege verksemder.

Publisert 24.10.2012, Sist endret 23.09.2022

eInnsyn

er ei felles publiseringsteneste som Statsforvaltaren og fleire andre offentlege etatar brukar til å publisere postjournalane våre på internett. Postjournalane blir samla i ein felles database, og innhaldet i denne blir gjort søkbart for omverda. I eInnsyn kan du søkje opp og lese fulltekstdokument. Du kan også be om innsyn i offentlege dokument som ikkje er publiserte. Når du ber om innsyn i eit dokument som ikkje er publisert i fulltekst, blir bestillinga send til det fylkesmannsembetet som er ansvarleg for journaloppføringa. Du får svar direkte frå Statsforvaltaren.

eInnsyn kan brukast anonymt. Alt du treng er ei e-postadresse som dokumenta skal sendast til. Du kan også be om innsyn på andre måtar enn gjennom eInnsyn. Du kan fremje eit innsynskrav både skriftleg og munnleg.

Personvern

Statsforvaltaren har ansvar for at teiepliktige opplysningar ikkje blir offentleggjort. Personnamn skal ikkje vere søkbare etter å ha vore publiserte i eInnsyn i meir enn 12 månader. Det betyr at dersom du søkjer på personnamn i eInnsyn, vil du berre få treff dei første 12 månadene etter publiseringsdato for oppføringar som inneheld namnet du søkjer på. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Korleis kan eg be om innsyn og klage på eit avslag?

• Eg kan ofte finne journalen/dokumentet på eInnsyn eller forvaltninga sine nettsider.

• Eg kan ringe eller skrive for å be om innsyn, og eg kan vere anonym.

• Eg treng ikkje å oppgi årsaken til at eg ber om innsyn eller kva
opplysningane skal brukast til.

• Eg må i nokon grad presisere kva eg ønsker innsyn i.

• Eg kan normalt forvente svar innan
1-3 arbeidsdagar.

• Eg kan rekne det som eit avslag om forvaltningsorganet ikkje har svart
innan fem arbeidsdagar.

• Eg bør sende ein påminning som eg ber forvaltningsorganet og evt. det overordna organet behandle som ein klage på avslag.

• Om eg framleis ikkje får svar kan eg klage til Sivilombudet over manglande
svar i innsynssaken.

• Om eg får avslag på innsyn frå forvaltningsorganet, har eg tre veker på å klage.

• Eg kan be forvaltningsorganet om å gi ei nærare grunngiving for avslaget.

• Forvaltningsorganet skal svare med nærare grunngiving for avslaget så snart som mogleg og seinast innan ti arbeidsdagar.

• Eg skal sende klagen til det organet som ga avslag.

• Eg kan som regel vente svar på klaga innan to veker.

• Eg kan klage til Sivilombudet om eg får avslag frå klageorganet.

• Om det er departementet som avgjorde saken i første omgang, kan eg gå rett til Sivilombudet etter at eg har fått ei nærare grunngiving for avslaget.

• Klagefristen til Sivilombudet er eitt år fra den endelege avgjersla.

Henta frå: INNSYNSGUIDEN – En veileder basert på Sivilombudets behandling av innsynssaker