Ny podkast: Den fantastiske skogen

Tømmeret vi tar ut frå skogen gir inntekter og sysselsett. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen. 

Publisert 09.05.2023

Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og veit du kvifor vi bør la noko skog stå heilt urørt?

Drift og vern av skog er det vi snakkar om i denne utgåva av «For folk og natur».

Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, fylkesskogmeister Åsmund Asper og rådgivar Hege Steigedal.

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.   

Denne episoden vart publisert 09.05.2023.

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.