Tiltak mot fattigdom

Oppdatert 20.12.2023

Det er ei samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det er menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Statsforvaltaren skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Statsforvaltaren fører tilsyn med korleis kommunane praktiserer sosialtenestelova. Vi skal bidra til å auke kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Statsforvaltaren skal mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Statsforvaltaren tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.03.2023, Sist endra 11.04.2023

Nav-kontora i Vestland utviklar og forbetrar dei sosiale tenestene

Statsforvaltaren i Vestland har i år tildelt 18,2 millionar kroner i prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 25 utviklingsprosjekt.


Publisert 16.12.2022

Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2023

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.


Publisert 14.12.2022, Sist endra 16.12.2022

Tilskot til utprøving av lovande arbeidsmodellar i Nav

Arbeids og velferdsdirektoratet skal prøve ut to nye arbeidsmodellar på sosialtenesteområdet, og inviterer kommunane til å søkje om å vere med på utprøvinga.


Publisert 29.08.2022

Vegen vidare

«Veien videre» er det andre utviklingsprosjektet for sosiale tenester i Nav som avsluttar i år. Vi kan gje statleg tilskot til prosjekt ved Nav-kontora i inntil tre år, og deira treårsperiode går ut no i haust.


Publisert 04.07.2022

Jobbmilen

Vi har lyst til å fortelje litt meir om einskilde av utviklingsprosjekta for sosiale tenester ved Nav-kontora i Vestland, og først ute er Nav Bergenhus sitt prosjekt Jobbmilen.


Publisert 22.06.2022, Sist endra 28.06.2022

Utviklingsprosjekt for sosiale tenester i Nav

Det skjer mykje spanande utviklingsarbeid på Nav-kontora i Vestland. Vi hjå Statsforvaltaren bidrar med tilskot til 25 utviklingsprosjekt for dei sosiale tenestene.


Publisert 25.05.2022

Nav skal fremje sosial inkludering

Sosialtenestelova gir Nav har fleire oppgåver, i tillegg til å tildele pengar.


Publisert 25.03.2022, Sist endra 07.10.2022

17,5 millionar kroner til utvikling av sosiale tenester i Nav

Statsforvaltaren i Vestland har tildelt prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 25 utviklingsprosjekt.


Publisert 31.01.2022

Kompetanseplan for dei sosiale tenestene 2022

Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland har utarbeidd ein kompetanseplan som gjeld dei sosiale tenestene i Nav.


Publisert 09.03.2021, Sist endra 22.03.2021

Sju nye Nav-kontor får tilskot til å vidareutvikle kontorets sosiale tenesteyting

Statsforvaltaren i Vestland har tildelt prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 26 tiltak i Nav-kontor i Vestland. Sju av tiltaka er nye i år, medan resten var inne i tilskotsordninga frå tidlegare.