Tilsyn med Bergen kommune

Tilsynet viser at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølv, og at kvaliteten på tenestetilbodet ikkje er god nok.

Publisert 12.12.2023

Vi opna tilsyn med Bergen kommune 22. juni 2023. Bakgrunnen for tilsynet er medieoppslag om situasjonen for bustadlause i Bergen.

Temaet for tilsynet er plikta kommunen har til å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølve, og hjelpe dei vidare til fast bustad, dersom dei ønskjer hjelp til det. Vi har ved dette tilsynet slått fast brot på plikta som kommunen har til å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølve. Vi viser her til krava i sosialtenestelova paragraf 27 og kommunelova paragraf 25-1.

Lovbrotet handlar dels om at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod i det heile, dels om at kvaliteten på tenestetilbod som vert ytt ikkje er god nok, verken generelt eller med tanke på behovet til den aktuelle søkjaren.

Vi har ikkje slått fast lovbrot knytt til plikta om å hjelpe personar i mellombelse butilbod vidare til fast bustad, etter sosialtenestelova paragraf 17. Vi har understreka at kommunen må sikre at den oppfølginga som vert tilbode, og den oppfølginga som vert ytt, også vert dokumentert. 

Vi har bedt om tilbakemelding frå kommunen om planen dei har for retting av lovbrotet, innan 19. januar 2024. Vi vil etter dette ha eit møte med kommunen om status og deira vidare arbeid. 

Du kan lese heile rapporten frå tilsynet på heimesida til Helsetilsynet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.