Nav-kontora i Vestland utviklar og forbetrar dei sosiale tenestene

Statsforvaltaren i Vestland har i år tildelt 18,2 millionar kroner i prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 25 utviklingsprosjekt.

Publisert 03.03.2023, Sist endra 11.04.2023

Nav-kontora har mange utfordringar og arbeider målmedvite for å forbetre tenesteytinga si. Som eit bidrag til Navs utviklingsarbeid tilbyr statsforvaltarane midlar til treårige utviklingsprosjekt for å forbetre dei sosiale tenestene i Nav.

Prosjekta skal bidra til å utvikle eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, som er betre tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer vil Nav forbetre kvaliteten i dei sosiale tenestene, og med det hjelpe brukarane til å få betre levekår.

18 210 000 kroner

I 2023 fekk vi 17 580 000 kroner frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland. Dette er nøyaktig same sum som fjorårets løyving.

Fleire prosjekt fekk siste tilskot i fjor, etter å ha fått prosjektmidlar for tre år. Vi hadde difor rom til å gi tilskot til å starte opp 6 nye prosjekt i 2023, i tillegg til dei 18 pågåande prosjekta som ikkje er ferdig med treårsperioden sin.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har eigne midlar til prosjekt som ikkje har fått tilskot frå Statsforvaltaren. Vi fekk 630 000 kroner derfrå til ein stilling i prosjektet «Sommar- og deltidsjobb til ungdom 16-25 år» ved Nav Alver. Det betyr at det er sju nye prosjekt som startar opp i 2023, og vi fekk 18 210 000 kroner til utviklingsprosjekt ved Nav-kontora i Vestland.

Sju nye prosjekt

I 2023 har kommunane i Vestland søkt om til saman 13,3 millionar kroner i statleg tilskot til 21 stillingar i 12 nye prosjekt. Med årets økonomiske ramme hadde vi rom for å kunne innvilge omtrent halvparten av desse søknadene. Dei sju Nav-kontora som fekk innvilga tilskot til nye prosjekt i år er:

  • Nav Alver – to stillingar i prosjektet «Første steg»
  • Nav Askøy – to stillingar i prosjektet «Din veg mot arbeid og meistring i kvardagen»
  • Nav Bergenhus – to stillingar i prosjektet «Ka `no? - 2»
  • Nav Årstad – to stillingar i prosjektet «Familiekoordinator»
  • Nav Osterøy – ei stilling i prosjektet «Inkluderande familiearbeid»
  • Nav Sveio – ei stilling i prosjektet «Framtidsbasar for familien»
  • Nav Alver – ei stilling i prosjektet «Sommar- og deltidsjobb til unge»

I denne lenkja kan du sjå oversikt over alle dei 25 prosjekta i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.