Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2023

Søknadsfrist:
1. februar 2023 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2024 23:59

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 15.12.2022

Alle kommunane i landet kan søkje på denne tilskotsordninga.

Nav-kontora kan få 610 000 kroner per år i tre år til lønsutgifter per hundre prosents prosjektstilling. I tillegg kan ein få 20 000 kroner per prosjekt per år til kompetanse som trengst for det aktuelle tiltaket. Prosjektkostander utover dette må kommunane dekkje sjølv.

Heile utlysingsteksten, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på heimesida til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Nav-kontora i Vestland kan sende søknader elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt kan ein sende søknader per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brevpost til: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Søknadsfrist:
1. februar 2023 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2024 23:59