Marknadskontakt

Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og i treårsperioden november 2019-oktober 2022 hadde Nav Fensfjorden prosjektet «Marknadskontakt».

Publisert 27.03.2023, Sist endra 27.04.2023

Nav Fensfjorden er eit interkommunalt Nav kontor for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen. Masfjorden kommune er vertskommune, men Nav Fensfjorden tilbyr timeavtalar i alle dei fem kommunane.

Nav Fensfjorden var framleis i oppstartfasen då dei starta prosjektet «Marknadskontakt», med mål om å auka kompetansen på marknadsarbeid i heile kontoret. Gjennom prosjektarbeidet ville det nye Nav-kontoret meisle ut metodar for å hjelpe dei av Navs brukarar som sto langt frå arbeid, inn i jobb. Dette omfatta både personar som har sosialhjelp som hovudinntekt og ungdommar som får sosialhjelp på vilkår av at dei deltek i arbeidsretta aktivitet. I tillegg skulle prosjektet auke Nav-kontorets fokus på sårbare overgangar, for eksempel frå introduksjonsprogram til lønna arbeid.

Verdien av eigen marknadskontakt i Nav-kontoret

Ved hjelp av det statlege prosjekttilskotet kunne Nav-kontoret tilsette ein «marknadskontakt» for ein treårsperiode, ein medarbeidar som skulle byggje opp strukturar for overgang til arbeid. Nav Fensfjorden hadde ikkje marknadskontakt frå før, altså eit dedikert bindeledd mellom arbeidsgjevarar og arbeidslause som sto eit stykke frå arbeidslivet. Nav-kontoret mangla såleis ein tilsett som hadde dette som si hovudoppgåve, ikkje minst fordi dei visste at det var mangel på arbeidskraft i dei aktuelle kommunane. Marknadskontakten i prosjektet har og vore bransjeansvarleg for industri for heile region Nordhordland. I tillegg har Nav Fensfjorden to rettleiarar som i tillegg til arbeidsretta brukaroppfølging, jobbar som marknadskontaktar og har bransjeansvar for sjømat i region Nordhordland.

I første del av prosjektperioden brukte marknadskontakten mykje energi på å opparbeide relasjonar mellom arbeidsgjevarar og Nav. Det handla om å trygge arbeidsgjevarane på at dersom det oppstod problem i arbeidet for ein av kandidatane som kom frå Nav, så var marknadskontakten klar for å hjelpe. I løpet av prosjektperioden har Nav Fensfjorden fått på plass arbeidsstrukturar for metodisk oppfølging av brukarane, og dei har fått eit særs godt samarbeid med næringslivet i sitt distrikt.

Nav Fensfjorden har saman med Gulen og Masfjorden utvikling AS arrangert årlege karrieremesser/jobbmesser, der målgruppa både er arbeidssøkjarar og utdanningssøkjande. Det at desse messene er opne for alle, gjer det mindre synleg kven som er utanfor arbeidslivet.

Nav Fensfjorden tenkjer at mange overgangar til lønna arbeid har direkte samanheng med den marknadskompetansen som dei har implementert i kontoret i løpet av prosjektperioden.

Nav Fensfjorden meiner at prosjektet har hatt positiv verknad på fleire saksområde, og at dei har klart å utnytte prosjektmidlane på ein god måte.

Kva no?

Prosjektet har auka merksemda på at alle Navs-kontorets tilsette skal bidra inn i marknadsarbeidet. Dei skal synleggjere i sosialhjelpsvedtaka bevegelse frå passiv mottak av stønad til lønna arbeid. Nav Fensfjorden har fått struktur på marknadsarbeidet, det er synleg for alle i kontoret og dei har jobbfokus i alle ledd.

I løpet av det siste året har det kome mange flyktningar frå Ukraina. Mange av dei har utfordringar med språket, mange av dei snakkar ikkje engelsk og dei vil trenge tid for å kome seg i arbeid. Introduksjonsprogram og språkpraksis er nødvendig. Arbeidsgjevarane i regionen er positive til å inkludere flyktningane, i mange slags arbeidsoppgåver. Nav Fensfjordens marknadskompetanse er relevant og nødvendig for å sikre inkludering i arbeidslivet for arbeidsvillige og kompetente ukrainarar.

Vår oppsummering

Det har vore spennande å følgje prosjektet og imponerande å sjå korleis Nav Fensfjorden har implementert kunnskapen og erfaringar i kontoret. Dette er eit godt eksempel på korleis utviklingsarbeid kan gje verknad for personar som treng Navs hjelp, for arbeidsmarknaden og for kompetanse og utvikling i kontoret. Vi ser at prosjektets gode leiarforankring har vore avgjerande for det gode resultatet.

Vi ønskjer Nav Fensfjorden lukke til vidare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.