«Øygarden-modellen»

Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 til 2023 hadde Nav Øygarden prosjektet «Øygarden-modellen». Vi har lyst å fortelje litt om prosjektet.

Publisert 24.10.2023, Sist endra 24.10.2023

Gruppeoppfølging har vore eit kjent omgrep gjennom mange år i Nav. Oppfølginga har ofte handla om å gi ulike former for informasjon og kurs. Hjå Nav Øygarden har dei våga å tenke nytt, og tatt det eit steg lenger. «Øygarden-modellen» er laga i samarbeid med private aktørar, for å sikre nye auge på utfordringsbiletet, og tilføre ny kunnskap til prosjektet.

Gruppeoppfølging på ein ny måte

Arbeidssøkande under 30 år har fått tilbod om å vere med i ei gruppe kvar tysdag og onsdag klokka 11.00-13.00, i fem veker. Ein viktig del av det som har skjedd på møta, har vore samtalar om ulike problemstillingar i dei unge sin kvardag. Det er deltakarane sjølve som har kome med forslag til problemstillingar, eller dilemma, og desse har vorte delte anonymt i eit digitalt verktøy. Deretter har deltakarane snakka om korleis dei kan løyse problemstillingane, kva val dei må gjere og korleis ulike val påverkar ulike område i livet. Gjennom samtalar og diskusjonar har deltakarane hjelpt kvarandre til å sjå nye moglegheiter. Dette har vore viktige prosessar på vegen mot arbeid.

Dei unge får jobbe med ressursane sine og får emosjonell støtte frå kvarandre. Dei får trua på at dei har noko å bidra med i arbeidslivet og dei opplever meistring og inkludering. «Øygarden-modellen» set dei unge i sentrum. Det er ikkje Nav-tilsette som gir undervising; Dei unge får ansvaret, og dei tilsette tek ei mindre rolle som prosessleiar i gruppedrøftingane.

Fleire arbeidsgjevarar har vore innom gruppene, og erfaringa er at det er stort behov for møteplassar der arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar får møtt kvarandre direkte.

Vi frå Statsforvaltaren takkar for at vi fekk moglegheit til å vere med på ei gruppe. Det var rørande å sjå kor mykje dei unge får ut av å vere med på «Øygarden-modellen» og korleis dei bestemmer kva som er viktig å diskutere. Dei blir sjefar i eige liv og dei får trua på eigne moglegheiter og ressursar.

Kva skjer framover?

Det er eit mål at prosjekt som mottek støtte frå oss, skal føre til gode og varige tiltak som styrkar dei sosiale tenestene i kommunen. Tilskotet frå Statsforvaltaren tek snart slutt, men kunnskapen og erfaringane frå prosjektet er tatt vidare inn i eit nytt innovasjonspartnarskap som heiter Nav Human. Grunntanken er framleis at unge er ekspertar på eigne liv, og at dei har ressursar til å hjelpe seg sjølv og kvarandre dersom det blir lagt til rette for det. Prosjektet er eigd av Nav Vestland og vert utøvd i Region Vest; Øygarden og Askøy. Dei skal utvikle ein heilskapleg metodikk for oppfølging av unge i gruppe, med tilhøyrande digitale læringsverktøy som skal fremje gruppeprosessen. Læringsliv AS er innovasjonspartnar.

Det har vore inspirerande og nyttig å følgje Nav Øygardens utvikling av metodikk og deira nytenking når det gjeld korleis Nav kan hjelpe unge ut av utanforskap. Dette har gitt fleire unge menneske moglegheit til å nå måla sine i tråd med føremålsparagrafen i sosialtenestelova og i Nav-lova.

Det blir spennande å følgje Nav Human og vi ønskjer lukke til med det viktige arbeidet.

Nav-tilsette som vil lese meir om «Øygarden-modellen», kan finne meir informasjon på Navs intranett «Navet».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.