Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.12.2016

Endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Sandnes kommune

Norsk Gjenvinning AS avd Sandnes har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget ved Larsamyrå i Sandnes kommune. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.


Publisert 28.11.2016

Endra løyve for Norsk Gjenvinning AS i Strand kommune

Norsk Gjenvinning AS avd Ryfylke har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget ved Tau i Strand kommune. Endringa er grunna finansiell sikkerhet for verksemda.


Publisert 14.11.2016

Endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS i Haugesund

Fylkesmannen har gitt Franzefoss Gjenvinning AS endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på verksemda sitt anlegg.


Publisert 20.10.2016

Kveldsseminar om miljøgifter i kvardagen

Velkomen til gratis seminar "Er det farlig?" onsdag 2. november kl 18 - 21 i Spor 5 i Jernbanebygget, Stavanger. Du vil møte fagpersonar som fortel kva miljøgifter er, kor desse finnes, kva dei gjer med miljø og menneske og kva vi kan gjere for å beskytte oss.


Publisert 04.10.2016

Nytt løyve til Geminor AS på Storøy

Det er gitt løyve etter forureiningslova til lagring, kverning og videresending av treflis på eigedomen gnr.140 bnr.42 og 45 Storøy i Karmøy kommune.


Publisert 22.09.2016

Strandrydderapporten 2016 er klar

Refusjonsordninga for marint avfall nyttar. No er rapporten etter årets ryddeaksjon klar.


Publisert 06.09.2016

Løyve til mottak og mellomlagring kasserte kjøretøy og skrapmetall på Foss-Eikeland

Hermod Teigen AS har fått nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld mottak og mellomlagring av skrapmetall og kasserte kjøretøy på eigedomane gnr.50 bnr.70, 75 og 76 Fosseikevegen 14 i Sandnes kommune.


Publisert 26.08.2016

Ecofiber Recycling AS har fått løyve til å handsame kasserte båtar og anna glassfiberavfall i Jåttåvågen

Fylkesmannen gitt løyve til avfallshandtering av glassfiber og komposittmateriale på eigedomen gnr.14 bnr.1462 i Jåttåvågen i Stavanger. Sjå vilkåra i løyvet i høgremargen.


Publisert 13.07.2016

Utprøving av granulering av glasfiber

Ecofiber Recycling AS skal prøva ut utstyr og metodar for kverning av glasfiber m.v . innanfor ramma av gjeldande løyve til Stena Recycling AS, avd. Stavanger i Mekjarvik, Randaberg kommune. Prøvetida er fram til 1. september 2016.


Publisert 23.06.2016

Krav om finansiell sikring etter endring i avfallsforskrifta

Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall vart endra 1. januar i år. Fleire krav som før var regulert i eigne løyve, finn ein no i vedlegg 4. Det vert sett krav til etablering av finansiell sikring for anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall. Verksemda må sende inn forslag til finansiell sikring til Fylkesmannen innan 1. juli 2016.