Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.07.2019

Løyve til SAR AS avd. Tananger for avfallslagring på Storøy i Karmøy kommune

SAR AS avd. Tananger er gitt løyve etter forureiningslova til lagring av farleg avfall i hall på Soltin AS sitt anlegg eigedomen 140/35 Storøy i Karmøy kommune.


Publisert 05.07.2019

Løyve til mottak av farleg avfall Svaaheia Avfall AS

Fylkesmannen har gitt Svaaheia Avfall AS løyve til mottak av 350m3 massar farleg avfall på tiltaksområde Jøssingfjord i Sokndal kommune.


Publisert 27.05.2019

Etterkunngjering av midlertidig løyve tidlegare Hogstad kompostering i Sandnes

IVAR IKS har fått løyve til å ta imot og lagre glas- og metallemballasje på det tidlegare komposteringsanlegget på Hogstad.  

Løyve gjeld i ein avgrensa periode.

Sjå løyve med vilkår i dokumentlenkene til denne nettsaka.


Publisert 29.04.2019

Løyve til Organisk Materielretur AS

Organisk Materielretur AS i Karmøy kommune har 23. april 2019 fått løyve etter forureiningslova til mottak, sortering, handsaming og lagring av plastavfall, tau og nøter på Storøy.


Publisert 28.02.2019

Endra løyve til Norsk Gjenvinning AS i Sandnes

Fylkesmannen har endra løyve til Norsk Gjenvinning AS Larsamyrå i Sandnes kommune etter finansiell sikring av verksemda.


Publisert 01.02.2019

Nytt løyve til Haugaland Bioenergi AS

Haugaland Bioenergi AS har fått løyve til mottak, lagring og kverning av hageavfall på Storøy i Karmøy kommune.


Publisert 07.01.2019

Endra løyve til SAR AS finansiell sikring farleg avfall Oljeveien

SAR AS har fått endra løyve etter finansiell sikring mottak og mellomlagring av farleg avfall i Oljeveien i Sola kommune.


Publisert 07.01.2019

Endra løyve til SAR AS finansiell sikring ASCO-basen i Tananger

SAR AS har fått endra løyve og justert mengdeavgrensing etter ny finansiell sikring for mottak og lagring av farleg avfall på verksemda i Sola kommune.


Publisert 21.12.2018

Endra løyve til SAR AS i Stavanger

SAR AS avd. Tananger - Dusavik har fått endra vilkår i løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget i Stavanger kommune.


Publisert 19.10.2018

Nytt løyve til Norsk Gjenvinning AS på Karmøy

Fylkesmannen i Rogaland har gitt Norsk Gjenvinning AS avd. Haugesund, løyve etter forureiningslova.