Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet
Prosjekt Hålandsvatnet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Randaberg kommune, Stavanger kommune, bondelaga, grunneigarar m.fl. Forureining har lenge vore eit problem, og målet er å få på plass fleire tiltak for å betre tilstanden i vatnet.
Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat. Men det er grunn til å smøre seg med tolmod. Langvarig belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.
Prosjektet grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen blei tilsett i august 2022 som prosjektleiar, og prosjektplanen blei godkjend i styringsgruppa 17. mars 2023. Saman med kommunane, fylkeskommunen, bøndene og interesseorganisasjonane i området er det sett i gang ei rekke tiltak.
Rapport om tilførsler og avlastningsbehov for Hålandsvatnet
2. juni 2022, ble det avholdt et åpent møte om Hålandsvatnet på Varen kulturscene i Randaberg. Under møtet, ble det presentert en ny rapport om tilførsler av næringsstoffer og avlastningsbehov for Hålandsvatnet av forskere fra Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norwegian Research Centre (NORCE).