Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


23.12.2020

Stavanger, Sandnes og Sola får ekstra tilskot frå staten i 2020 som følgje av høg arbeidsløyse

Stortinget har løyva 250 millionar kroner til kommunar med arbeidsløyse over snittet. I Rogaland kjem tilskotene til Nord-Jæren og kommunane Stavanger, Sandnes og Sola. Dei tre kommunane får til saman 28,32 mill. kroner. Pengane er gitt for at kommunane skal bruke dei til å kompensere lokalt næringsliv.


18.12.2020

Viktige frister og endringer for KOSTRA-rapporteringen

Fra og med regnskapsåret 2020 skal også kommunenes konsoliderte årsregnskap, og årsregnskap til interkommunale politiske råd og kommunale oppgavefellesskap rapporteres. I denne artikkelen gjør vi rede for fristene for rapportering, viktige endringer fra tidligere år og tilgjengelige ressurser.


15.12.2020

Fordeling av ekstra skjønnstilskot til smittevern etter ny ekstra fordeling

I slutten av november 2020 kunngjorde Fylkesmannen ekstra skjønntilskot til smittevern og TISK-oppfølging som følgje av utbrot av covid-19. Vi har no fordelt 41 mill. kroner ut til kommunane i Rogaland, med atterhald om Stortinget si behandling av Prop. 48 S.


30.11.2020

Fordeling av ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK-oppfølging

I slutten av oktober 2020 kunngjorde Fylkesmannen ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK-oppfølging ved store virusutbrot. Vi har no fordelt ut til kommunane i Rogaland 33,3 mill. kroner til smittevern og 35,0 mill. kroner til TISK-oppfølging.


30.11.2020

Karmøy med Norges beste økonomiplan

Karmøy kommune ble for andre året på rad kåret til å ha laget Norges beste økonomiplan. 


14.10.2020

Fordeling av restskjønn og ekstra skjønnstilskot til kommunar i Rogaland

Fylkesmannen har gjort ei fordeling til kommunane i Rogaland av både restskjønn for 2020 og av ekstra skjønnstilskot til meirutgifter i samband med covid-19-utbrotet. Fylkesmannen har igjen å dele ut ekstra skjønnstilskot til smittevern og til oppfølging av TISK-strategien.


07.10.2020

Statsbudsjettet for 2021

Regjeringen la i dag, 7. oktober 2021, frem forslag til statsbudsjett for 2021 (Prop. 1 S 2020-2021). Vi har skrevet et sammendrag av kommuneopplegget.


07.09.2020

Kommunene i Rogaland opplever stor usikkerhet for kommuneøkonomien

Kommunene i Rogaland var samlet på Kommuneøkonomidagen 2020 som ble arrangert av Fylkesmannnen i Rogaland i samarbeid med KS. Tilbakemeldingen fra kommunene er at de nå opplever svært stor grad av usikkerhet både for egne kostnader og inntekter.

Ved inngangen til 2020 var kommuneøkonomien stram i mange av Rogalandskommunene. Fylkesmannen i Rogaland er spesielt bekymret for de kommunene som allerede for inneværende økonomiplanperiode planla med svært svake eller negative driftsresultat.


11.08.2020

Kommunene i Rogaland hadde moderat eller større grad av økonomisk handlefrihet ved inngangen til 2020

KS har gjort en analyse av kommunenes økonomiske handlingsrom utfra regnskapstallene for 2019. Analysen er gjort på konserntall. Kommunene er delt inn i tre kategorier: kommuner med begrenset økonomisk handlefrihet (røde), kommuner med moderat økonomisk handlefrihet (gule) og kommuner med større grad av økonomisk handlefrihet (grønne). I Rogaland er det ingen røde kommuner.  


23.06.2020

Tildeling av seks millionar kroner til innovasjon og fornying i kommunane i Rogaland

Fylkesmannen har fordelt seks millionar kroner til 10 innovasjonsprosjekt i Rogaland. Dei overordna prioriterte områda er miljø og klima, kommunestruktur og omstilling, barn og unge og samfunnsutvikling. Til saman kom det inn 16 søknader med ei samla søknadssum på 15,1 millionar kroner.